A Connor jr  Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor vedgår at han kunne ha tenkt seg ein litt enklare start på årets 3. divisjon. Då venter nemleg Molde 2 på bortebane, eit lag som kom ned frå 2. divisjon sist haust. - Vi får ein tøff start, ikkje minst i dei første bortekampane, mot MFK 2 og Sunndal. Molde 2 er trulig det beste laget i divisjonen, seier Connor til varfjell.no. - Slik sett hadde det kanskje det vore greit og fått ein annen motstandar i åpningskampen. Samtidig verkar årets 3. divisjon veldig sterk, og det er ingen dårlege lag. Dermed spelar det ikkje så stor rolle kven ein møter først og sist, seier Connor.

Vestnes Varfjell er sett opp med bortekampar både i første og siste serierunde.

- Det at vi må både starte og avslutte sesongen borte, er litt uheldig, seier trenaren. Samtidig er han klar på at laget hans ikkje fryktar å møte nokon.

- Vi fryktar absolutt ingen. og skal klare å bite kraftig frå oss. Ikkje minst på heimebane skal vi klare å overraske. Dei to første heimekampene er mot Rival og Måndalen, og det er heilt klart at vi må legge grunnlaget for ein positiv sesong heime i idrettsparken, seier Alexander Connor.