Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor jr er godt fornøgd
med sesongførebuingane for A-laget så langt i vinter.
Fram til denne veka har laget trent på bart kunstgras i
idrettsparken. Oppmøtet har vore godt. - Vi har ein veldig
ung og lovande stall. Det blir morsomt å sleppe dei laus i 3.
divisjon og sjå kva dei greier å utrette der, seier
Connor til varfjell.no.
Connor fortel at treningane har gått etter plana til no.
- Treningsforholda har vore bra og treningane har stort sett
gått som planlagt. Det har vore eit relativ godt
oppmøte, med 15-20 spelarar på kvar trening, seier
han.
Den første testen på korleis laget ligg an får
han onsdag 7. februar. Då er det avtalt treningskamp borte
mot Brattvåg, eit lag som rykka opp til 3. divisjon på
Sunnmøre sist haust og som satsar friskt med fleire nye
spelarar.
- Det kan hende vi får til ein treningskamp før dette
også, men det er enno ikkje avklart, seier Connor.
Stranda kjem til Vestnes idrettspark tirsdag 13. februar. Totalt er
det til no avtalt sju treningskampar, alle mot lag fra
Sunnmøre.
A-laget: Godt oppmøte og gode treningsforhold
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter