Vestnes Varfjell tapte sin andre bortekamp 2-4 denne veka då Midsund vart for sterke laurdag ettermiddag. Som mot Kvass/Ulvungen måndag gjekk laget i leiinga tidleg, denne gong ved Amund Stavem, men heimelaget svarte og gjekk til pause med leiinga 3-1. Vertane skåra på to straffespark i kampen, eitt i kvar omgang. Det første vart først redda av Varfjell-målvakt Thomas André Brastad, men returen vart sett i mål. Det andre straffesparket vart idømt etter ein hands. Tommy Kanishi Andreassen reduserte på overtid. Meir seinare
A-laget: To straffemål og nytt bortetap
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter