Det har i praksis vore klart eit stund, men søndag var alle eventuelaitetar rydda bort og me kan gratulere Træff 2 med eit suverent opprykk til 3. divisjon. Det vart sikra med 1-1 og eitt poeng borte mot Frei søndag. Tingvoll slo Elnesvågen 2 5-2 i den andre kampen søndag. Elnesvågen 2 endar dermed sist i 4. divisjon, men kan framleis berge seg om Surnadal ikkje rykker ned frå 3. divisjon. Elles er Clausenengen klare for 4. divisjon etter at dei har vunne 5. divisjon. Dermed blir det ikkje nye lokaloppgjer i Vestnes neste sesong. Tomrefjord tapte 2-3 borte mot Malmefjorden/Ekko/Aureosen laurdag. Nye lag i 5. divisjon blir Bud og Nordlandet som har vunne suverent i kvar si avdeling i 6. divisjon.