Heimelaget starta kampen bra, men serieleiar KBK 2 tok likevel leiinga tidleg og auka til 2-0 før pause. Vestnes Varfjell meinte seg snytt for eit straffespark på stillinga 0-2. Etter kvilen skåra gjestane heile fem mål, medan Vestnes Varfjell berre greidde å kvittere to gongar. Måla kom ved Amund Stavem som skaut i mål etter å ha lurt av to KBK-forsvarar (sjå video) og Tommy Kanishi Andreassen med eit frekt hælspark (sjå video). Magnus Nerheim vart kåra til bestemann på heimelaget. Ein heilsvart kveld vart toppa ved at kaptein Kanishi Andreassen vart utvist rett før slutt. 40 tilskuarar såg kampen i haustregnet.

Videoar i VarfjellTV | Kampfakta