Vestnes Varfjell hang med i ein halvtime, men måtte til slutt tåle eit 0-7-tap borte mot Træff 2 måndag kveld. Gjestane kunne tatt leiinga ved heimvendte Eirik Leao Tomren, men etter kvart vart det meir og meir synleg kven som aspirerer til spel i 2. divisjon og Post Nord-ligaen og kven som ikkje gjer det.

Kampen var ikkje så mykje "å skrive heim om" sett med mørkeblå auge. Vestnes Varfjell var brukbart med i starten og hadde sin første sjanse då Amund Stavem skaut like over på eit frispark i god posisjon som keeper var nede og redda. Så kom sjansen til Tomren kom seg fri på venstrekanten, men avslutninga gjekk like utanfor bortre stolpe.

Eirik Tomren er fri, men skotet gjekk dessverre utanfor lengste stolpe. Her kunne det stått 0-1.

Då var det spelt 32 minutt, men dessverre tok vertane i staden leiinga i neste angrep. Keeper Connor redda to gongar, men den siste returen gjekk dessverre i nettet. 2-0 kom like før pause etter eit nydeleg nedtak og skot på halv volley i motsatt hjørne.

Andre omgang vart fullstendig dominert av Træff som auka til 3-0 etter ti minutt då elles så sikre Tor-Bjarne Løvik Salte vart hardt straffa i ei dribling og Træff enkelt kunne sette ballen i mål. Etter timen sto det 4-0 etter skot frå kloss hald, så 5-0 på eit framspel der Varfjell-forsvaret ropte på offside, og 6-0 på skot frå fem meter.  Varfjell hadde nok med å forsvare seg mot eit Træff-lag som verkeleg var "på hugget" og varta opp med mykje fint spel.

Me skal ikkje ta heile Træff-laget, men noterte at dei stilte med mykje kvalitet, mellom andre med Lillestrøm-utleigde Dylan Ryen Murugespillai som er på det norske G19-landslaget.

Kampens store spelar var likevel ein gammal kjenning frå 4. divisjon. Tidlegare Sunndal-spelar Markus Lewis skåra hat-trick. På sitt siste mål dribla han seg forbi heile Varfjell-forsvaret, forbi keeper og heilt inn i målet.

Vestnes Varfjell sleit med å få til noko i andre omgang, og først i sluttminutta noterte me skot på mål ved Leo Krogseth og Amund Stavem. Tor-Bjarne Løvik Salte skaut like over på eit frispark.

Træff 2 hadde også eit skot i tverrliggarkrysset før pause og i stolpen på overtid. Owen Connor var også god å ha i mål då det røyna på som verst. 

Magnus Nerheim måtte ut tidleg i ein frå før skadeplaga tropp. Men stallen er stor og mange fekk speletid utover i andre omgang. Magnus Skorgen Sørås fekk sin debut på A-laget då han kom inn på slutten.

Neste kamp er heime mot Elnesvågen fredag.

KAMPFAKTA:

Træff 2 - Vestnes Varfjell 7-0 (2-0)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, måndag 5. juni 2023 kl 19.20

Reknesbanen, 65 tilskuarar (ca 15 frå Vestnes)

Mål:

1-0 (34) Markus Lewis

2-0 (41) Kurt Bellingmo

3-0 (62) Lewis

4-0 (55) Dino Okanovic

5-0 (64) Okanovic

6-0 (76) Christian Tovan Moen

7-0 (84) Lewis

Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden. Assistentdommarar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen og Eirik Stenberg, Elnesvågen

Gult kort: Tor-Bjarne Løvik Salte, Vestnes Varfjell (58)

Vestnes Varfjell (3-4-4): Owen Connor: Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim (Juan Richard Larsen 30. (Dag Maier 73.) - Simon Kjørvik (Håkon Kjørvik 46.), Ørjan Tangen (Arjan Sylte 73.), Amund Stavem (k),, Leo Krogseth - Knut Stian Eik (Noah Johansen 68.), Adrian Kosinski, Eirik Leao Tomren (Magnus Skorgen Sørås 83.)

reknesbanen
reknesbanen
tomrenvstraeff23
tomrenvstraeff23
tr2023
tr2023
traeff2b2023
traeff2b2023
treff2023
treff2023