(Dahle 2 - Vestnes Varfjell 0-4) Vestnes Varfell har vunne alle kampar på bortebane denne sesongen. Onsdag kveld vart seier nummer åtte på framand gras sikra. Alle måla kom i andre omgang då Didrik Sæter, Svein Erik Lange Male (straffe), Elling Olafsen og Sverre Lindset fann vegen til nettmaskene.
Dahle 2 ligg sist på tabellen, men var nære poeng mot opprykksrival Bud/Bryn seinast for ei veke sidan. Det var dermed venta tøff kamp om poenga i Dahle kunstgresspark onsdag. Første omgang starta med fleire store sjansar til Vestnes Varfjell før spelet jamna seg ut. Bortelaget burde likevel gått til pause med leiing. William Hjelvik kom to gongar aleine med keeper og Casper Andressen avslutta i tverrliggaren før pause. 0-0 etter halvspelt kamp.
Etter pause fekk Vestnes Varfjell endeleg uttelling då Didrik Sæter skaut i mål til 0-1. Så dobla Svein Erik Lange Male leiinga på straffespark. Leo Krogseth vart felt. På slutten sørga Elling Olafsen med skot i ope mål og Sverre Lindset etter retur frå keeper for at det vart 4-0.
Ein fullt fortjent seier og forbetring av målforskjellen som kan bli avgerande når alle kampar er spelt.
Spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen oppsummerer kampen slik:
"En varierende prestasjon, der vi skaper mye offensivt, men er ineffektive. Vi har ikke helt kontroll på kampen, og slipper dem for lett til. Spesielt i første omgang. I andre omgang så løfter vi oss etter hvert og får uttelling. Vi brenner fortsatt en del store sjanser. Full fortjent seier, der kanskje seiersmarginen burde vært større! Vi vinner og tar med oss 4 plussmål. To viktige kamper igjen!"
Neste kamp er også borte, mot Hjelset-Kleive neste laurdag.
Dahle - Vestnes Varfjell 0-4 (0-0)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, onsdag 30. september 2026 kl 19
Dahle kunstgresspark, 30 tilskuarar
Mål:
0-1 (64) Didrik Sæter
0-2 (68) Svein Erik Lange Male, straffspark
0-3 (90) Elling Olafsen
0-4 (90) Sverre Lindset
Dommar: Håkon Skram, Frei Fotballklubb
Assistentdommarar: Harald Vebenstad, Averøykameratene
og Eren Aksoy,Molde Fotballklubb
Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell (80), Mikael Futseter (40) og Adrian Lysø (45), Dahle 2
Vestnes Varfjell (4-3-3)
Startoppstilling:
1 Egil Dalhaug (K)
9 Magnus Nerheim
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
23 Svein Erik Lange Male
22 Torstein Væge Nekstad
11 Sverre Olgar Lindset
24 Didrik Selnes Sæter
14 Knut Stian Eik
90 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
20 William Pedersen Hjelvik
10 Leo Villa Krogseth
Innbyttarar:
2 Håkon Ødegård Kjørvik 75. min. for Sverre Lindset
17 Florian Hill 70. min. for Knut Stian Eik
77 Elling Furland Olafsen 46. min. for Casper Andreasen
80 Tommy Kanishi Andreassen 55. min. for Magnus Nerheim
15 Carlos Felipe Gonzalez (strøket)
5 Jo Sigurd Vold (strøket)
27 Kristian Flittie Onstad (strøket)