(AK - Vestnes Varfjell 2-1)  Lars-Helge Lien reduserte, men det heldt ikkje. AK sneik seg forbi på betre målforskjell. 

- Eit tungt tap å svelge. No ser det stygt ut med tanke på å berge plassen, vedgjekk Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor etter kampen.

Svein Erik Lange Male og trenar Alexander Connor etter kampen.

Laget hans var eit stolpetreff unna 2-2 og eitt poeng som ville auka sjansen for 4. divisjon også neste år. No er det AK som har fordelen av 10.-plassen, og det vart feira med banestorming og blussing.

Sanninga er at begge lag no er avhengige av hjelp skal det bli spel i 4. divisjon også neste år. Nøkkelen er som alltid kor mange lag frå vår krets som rykker ned frå 3. divisjon og om vinnaren av vår avdeling rykker opp etter kvalikkampar mot vinnaren på Sunnmøre. Åndalsnes får den sjansen i år. Målforskjellen var nok til å halde Træff 2 unna. Volda er nok favorittar sjølv om ÅIF i haust har fått den tidlegare Vestnes Varfjell-spelaren Nirut Mjøs med på laget.

I 3. divisjon er Molde 2 godt som sikra, men KBK 2 er under streken i same avdeling. Surnadal er første lag på trygg plass i si avdelinga, men kjempar i realiteten ein jamn kamp med Verdal om den siste plassen i neste års 3. divisjon. To serierundar står att. Surnadal har att topplaget Nardo borte og Tiller heime. KBK 2 møter AaFK 2 borte og serievinnar Træff heime.

Begge lag gjekk ut for å vinne denne fine oktoberkvelden på Bruhagen kunstgressbane. For heimelaget var kun seier godt nok, medan gjestane ville halde vertane på avstand også med uavgjort. Uansett gjekk laget for tre poeng som også kunne ta laget forbi Malmefjorden (dei tapte 1-3).

Oscar Rekdal Misfjord hadde sjansen til å gje Vestnes Varfjell ein draumestart etter fem minutt, men ballen traff tverrliggaren. Same mann hadde eit godt skotforsøk fem minutt etter, medan ein utrusande keeper hindra då Tommy Kanishi kom igjennom etter eit framspel i bakrommet.

Så tok AK, som hadde sparka trenaren etter åtte kampar utan seier, gradvis over. 1-0 kom etter 22 minutt då Varfjell-forsvaret var litt i ubalanse i samband med eit spelarbytte. AK kom forbi på venstresida og framom mål kunne Joakim Hoset sende heimelaget i føringa. AK hadde også eit par gode skotforsøk som Owen Connor måtte ta seg av. Omgangen vart avslutta med ein susar frå Oscar Misfjord, men ballen traff stolperota i staden for nettmaskene.

Andre omgang starta dårleg for Vestnes Varfjell. Kaptein Amund Stavem mista ballen i utsatt posisjon. Brage Rødsand fekk etter kvart ballen og avslutta til leiing 2-0 med eit skot i nettaket ved første stolpe.

AK la seg bakpå etter dette og resten av omgangen handla om Vestnes Varfjell. Toppskårar Elling Olafsen var tilbake frå skade, og kom inn tidleg for ein skadd Knut Stian Eik. Han fekk sjansen etter 13 minutt av andre omgang etter framspel av Misfjord, men keeper redda skotet. Så smelte Misfjord til på halv volley, men keeper redda meisterleg. Det såg ut til å vere "den kvelden" då ikkje noko skulle gå inn, men så kløna AK-målvakta det til og eit innlegg frå Lars-Helge Lien endte opp i mål. Like etter fyrte Misfjord laus mot AK-målet, Elling Olafsen var først på returen. men igjen sto stolpen i vegen. Det var det næraste gjestane kom fleire mål sjølv om Svein Erik Lange Malme vart flytta fram. Dommaren la til mykje grunna drøying og ufine triks frå heimelagets spelarar, men Varfjell kom ikkje nærare enn eit frispark rett på keeper frå Misfjord og skot over frå Eirik Tomren og Tommy Kanishi. AK skaut i tverrliggaren på ein av sine kontringar.

Dermed måtte den store delegasjonen frå Vestnes som hadde tatt turen reise skuffa heim.

KAMPFAKTA:

Averøykameratene - Vestnes Varfjell 2-1 (1-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 18. oktober 2024 kl 19
Bruhagen kunstgress, 170 tilskuarar

Mål:
1-0 (22) Joakim Hoset
2-0 (47) Brade Rødsand
2-1 (65) Lars-Helge Lien

Dommar: Oliver Bjørsnes Bakke, Elnesvågen

Gult kort:

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Vegar Skare (Sverre Lindset 52.), Svein Erik Lange Male, Tor-Bjarne Løvik Salte, Lars-Helge Lien - Amund Stavem (k), Oscar Rekdal Misfjord, Leo Krogseth - Knut Stian Eik (Elling Olafsen 22.), Tommy Kanishi Andreassen, Eirik Tomren (Amandus Andreassen 85.)

 
4. divisjon - Nordmøre og Romsdal 2024
  FREDAG 18.10.2024 (RUNDE 22)  
 
Averøykameratene - Vestnes Varfjell 2 - 1
 
Dahle - Åndalsnes 1 - 0
 
Elnesvågen - Eide og Omegn 3 - 0
 
FCK - Malmefjorden 3 - 1
 
Midsund - Tomrefjord 7 - 1
 
Sunndal - Træff 2 0 - 3
LIVE! K S U T MÅL P
1
Åndalsnes
22 16 3 3 63 - 14 51
2
Træff 2
22 16 3 3 60 - 30 51
3
Midsund
22 14 4 4 72 - 23 46
4
Elnesvågen
22 13 3 6 59 - 27 42
5
Dahle
22 12 1 9 58 - 55 37
6
Eide og Omegn
22 9 3 10 45 - 53 30
7
FCK
22 8 4 10 43 - 45 28
8
Sunndal
22 8 3 11 23 - 38 27
9
Malmefjorden
22 5 4 13 41 - 64 19
10
Averøykameratene
22 5 3 14 32 - 58 18
11
Vestnes Varfjell
22 5 3 14 37 - 68 18
12
Tomrefjord
22 2 4 16 17 - 75 10