(Tomrefjord - Vestnes Varfjell 1-0) Ei skåring av Håvard Taklo etter 40 minutt skilte laga då Tomrefjord og Vestnes Varfjell møttest til lokaloppgjer laurdag. Det vart ein sjansefattig kamp på ei sleip grasmatte. Mange tette duellar prega ein spelemessig svak kamp. Tomrefjord var hakket betre før pause og var gode til å forsvare leiinga dei skaffa seg. Varfjell hadde særleg to store sjansar til utlikning - ei avklaring på streken etter ein corner og eit skot i stolpen frå Adrian Kosinski midtvegs i andre omgang.
Vestnes Varfjell vart pressa bakover i første omgang, og det var sjeldan farleg framom Tomrefjord-målet. Først etter 25 minutt løsna laget skot, då Knut Stian Eik skaut utanfor. For heimelaget var Fredrik Kosberg farleg frampå på ein corner, medan Edvin Paulo da Silva Sæther avslutta like utanfor. 1-0 kom etter at Fredrik Kosberg først gjekk på eit raid og der Varfjell-forsvaret ikkje greide å avklare på fleire forsøk. Til slutt fekk Håvard Taklo krangla seg fri og sette inn 1-0 like før pause.
Vestnes Varfjell kom betre med andre omgang og fekk endeleg til å spele litt ball. Dessverre møtte dei divisjonens tettaste forsvar, og det vart ein ny omgang med mest kriging og lite finspel.
Tidlige i andre omgang var Varfjell farleg på ein corner der ballen vart rydda unna omtrent på streken. Så fekk Adrin Kosinski til ei avslutning som small i stolpen. Etter det vart det mykje fram og tilbake med ein del susande taklingar og etter kvart høg temperatur. Tomrefjord hadde også sine sjansar, ikkje minst var Daniel Gravdehaug ein stadig trussel mot gamleklubben.
Vestnes Varfjell sendte alt fram i sluttminutta, men forsøk på overtid frå Jarle Løvik Salte (skot utanfor) og Svein Erik Lange Male (skot på keeper) gav ikkje resultat.
Rundt 250 tilskuarar såg kampen i duskregnet.
KAMPFAKTA
Tomrefjord - Vestnes Varfjell 1-0 (1-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal, laurdag 13. august 2022 kl 15
Tomrefjord stadion, 250 tilskuarar
Mål:
1-0 (40) Håvard Taklo
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Gult kort: Håvard Nybråten (58), Amund Stavem (61), Vestnes Varfjell. Flynn Luca Daniel (90), Tomrefjord
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Rikard Larsen (Tor-Bjarne Løvik Salte 55.), Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male, Liam Connor - Oliver Connor Søreng (Lars-Helge Lien 85.), Amund Stavem, Elling Olafsen (Ole Ragnar Forsland 90.) - Håvard Nyvråten, Knut Stian Eik (Håkon Kjørvik 79.), Adrian Kosinski (Jarle Løvik Salte 79.)