(Åndalsnes - Vestnes Varfjell 5-0) Det vart ein tung kveld på Øran fredag. Gjestane hang ikkje med frå start og kom tidleg under. Det jamne seg litt ut i midtperioden før ÅIF plussa på med to nye skåringar mot slutten.
Nokre forfall var det frå kampen sist, ikkje minst var Oscar Misfjord sterkt sakna. Fleire nye og gamle namn fekk dermed plass i startoppstillinga. Amadeus Utgård Andreassen fekk sin debut frå start
150 tilskuarar (15 fbortesupporterar) såg kampen på ein festdag på Åndalsnes med både Romsdalsmartna 100-årsjubileum for Raumabanen. Dessverre sto Vestnes Varfjell att på perrongen denne gong.
Elnesvågen heime neste.
PS: Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Nirut Mjøs meldte overgang frå Isfjorden til Åndalsnes i haust for å bidra med rutine i ÅIF-forsvaret. Han måtte sjå kampen frå sidelinja grunna det han fortel er ein skade i ankelen.
Gult kort: Leo Krogseth, Vestnes Varfjell (55). Erlend Bale (84) og Ronld Paiva (90), ÅIF
Vestnes Varfjell(4-3-3):
1 Owen Hjelme Connor
17 Leo Villa Krogseth
3 Svein Erik Lange Male
95 Tor-Bjarne Løvik Salte
25 Lucas Pedersen Våge
8 Vegar Bjørkevoll Skare
10 Amund Stavem (K)
18 Eirik Leao Tomren
27 Amandus Utgård Andreassen
80 Tommy Kanishi Andreassen
14 Knut Stian Eik
Innbyttarar:
3 Magnus Skorgen Søraas 80. min for Skare
6 Ørjan Tangen 64. min for Eik
11 Leon Åfløy Botnvik 46. min for Utgård Andreassen
19 Arjan Elias Furland Sylte 73. min for Pedersen Våge
29 Scott Alexander Bårdsnes Langstein 80. min for Tomren
2 Håkon Ødegård Kjørvik (strøket)