John Christian Ludviksen debuterte etter overgang frå Ellingsøy

(Åndalsnes - Vestnes Varfjell 2-0) Vestnes Varfjell starta haustsesongen med ein tøff bortekamp fredag kveld. Laget gav heimelaget Åndalsnes god kamp, men måtte til slutt gå poenglause av banen på Øran.

Heimelaget måtte ha seier for å ikkje falle enno lenger bak laga i toppen av tabellen. For Vestnes Varfjell var det ein såkalla bonuskamp, der eitt poeng ville vore ein bragd. Mykje folk var møtt fram for å sjå det som no er det næraste me kjem eit nabooppgjer i 4. divisjon.

Laget starta som vanleg med eit solid forsvarsspel som utgangspunkt, og så satse på å ta dei mulegheitene som måtte dukke opp framover. 

Det gjekk bra lenge, og ÅIF kom ikkje nærare enn eit skot som traff toppen av tverrliggaren. Etter kvart som heimelaget sleit med å finne opningar i Varfjell-forsvaret, opna det seg også sjansar andre vegen. Eit frispark frå god posisjon endte resultatlaust, men på ein corner like etter sto Varfjell-spelarane nærast i kø for å skåre.

0-0 såg ut til å bli pauseresultatet då heimelaget utnytta eit balltap på midten, fekk til sitt raske kominasjonsspel innanfor 16-meteren og sette inn 1-0 frå kloss hald. Brage Alnes Skjølsvik var målskårar.

Det same kampbildet heldt fram etter pause. Vestnes Varfjell måtte no prøve litt meir framover skulle det bli poeng. Omgangen starta med ei god redning av Egil Dalhaug på eit frispark frå Olav Haugland. 

Vestnes Varfjell forsøkte meir framover i jakta på ei utlikning, men greide ikkje å skape all verden. Vegard Ellingseter kom nære med ein frekkis då han sendte i veg eit rasst frispark frå midtbanen, men keeper rakk akkurat tilbake. 

Kvarteret før slutt auka heimelaget leiinga. Vestnes Varfjell-forsvaret fekk ikkje ballen unna på ein corner og innbyttar Lucas Kosberg Nygård kunne putte ballen i mål frå kloss hald.

Elling Olafsen og Jon Venås hadde kvart sitt gode skotforsøk, men gjestane vart utan mål og poeng.

For Vestnes Varfjell debuterte John Christian Ludviksen etter overgang frå Ellingsøy. Til liks med broren er han ein spelar med stor løpskapasitet og energisk innsats.

Elles var det solid innsats over heile linja. Kristian Flittie Onstad styrte som vanleg det meste i forsvar, medan spelande trenar Tommy Kanishi var viktig så lenge han var på banen. Leo Krogseth viste at hen er på veg mot toppformen.

Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Tor Bjarne Løvik Salte spelte heile kampen for ÅIF, medan Niclas Eiken kom innpå på slutten.

Neste kamp er mot Malmefjorden borte, eit nøkkeloppgjer i botnstriden.

KAMPFAKTA

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 2-0 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre og Romsdal

Fredag 8. august 2025 kl 19

Øran stadion, 300 tilskuarar

Mål:

1-0 (45) Brage Alnes Skjølsvik

2-0 (78) Lucas Oliver Kosberg Nygård

Gult kort: Jon Areas Venås (33) og John Christian Ludviksen 40), Vestnes Varfjell; Felix Hage, Åndalsnes (57)

Dommar: Kåre Bergset, Elnesvågen

Assistentdommarar: Oliwier Grzegorz Deuter, Elnesvågen og Eren Aksoy, Molde

Vestnes Varfjell (4-5-1): Egil Dalhaug; Ørjan Tangen (K), Kristian Flittie Onstad, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Håkon Kjørvik 58.) - John Christian Ludviksen (Torstein Væge Nekstad 71.), Fredrik Lie, Vegard Ellingseter (Sverre Olgar Lindset 72.), Tommy Kanishi Andreassen (Elling Olafsen 60.), Leo Krogseth - Jon Areas Venås

 

Nokre bilder frå kampen: