(Malmefjorden - Vestnes Varfjell 1-2) Varfjell kom tidleg under etter ei tabbe, men snudde kampen til ein sterk borteseier mot Malmefjorden fredag. Elling Olafsen på straffespark og Leo Krogseth langt på overtid var målskårarar.
Sjå måla her:
Etter ein forsiktig star av begge lag sto det 1-0 etter ti minutt då den vårlege grasmatta spelte Vestnes Varfjell-forsvaret eit puss. Ørjan Tangen skulle sentre til målvakt Egil Dalhaug på ein 5-meter, men ballen fekk ein sprett og hamna i beina på Lukas Vårdal Sandersen som takka for gåvepakka ved å skåre kampens første mål.
Malmefjorden, som i år mellom anna er forsterka med den gamle Molde-helten Makhtar Thioune, hadde eit lite overtak i starten av kampen, men kom ikkje nærare 2-0 enn nokre skotforsøk som gjekk utanfor.
For Vestnes Varfjell sesongdebuterte Magnus Nerheim på venstrekanten og han sto bak fleire innlegg som kunne gitt uttelling. Elling Olafsen ekspederte eitt av dei i tverrliggaren, men vart avvinka for offside. Same mann kom igjennom med keeper litt seinare, men vart stoppa av ein god parade.
Sesongdebut vart det også på Tor-Bjarne Løvik Salte som er heime på perm. Han måtte inn i forsvaret også på Vestnes Varfjell for ein skadd Ørjan Tangen. Salte hadde ein viktig inngripen då Malmefjorden brått var igjennom etter 40 minutt. Då dei likevel fekk skote, gjekk ballen i tverrliggaren.
Etter 42 minutt kom Nerheim fri innafor 16-meteren, men skotet gjekk rett på keeper. Så sette Eirik Tomren ballen i mål etter ein hårfin offside, før same mann vart felt like etterpå. I staden for straffe vart det det frispark frå 16 meter som Tommy Kanishi sette like over tverrliggaren.
Vestnes Varfjell starta best andre omgang. Sjølv om laget etter kvart måtte greie seg utan ein strekkskadd Tommy Kanishi, greide laget no å skape stadig meir spel mot Malmefjorden-målet. Erstattar Glenn Stenødegård var ein av dei som markerte seg positivt. Han spelte sin andre A-lagskamp. Den forrige var i 2016!
Kaptein Amund Stavem var sentral i mykje at det laget produserte, men det vart ikkje uttelling før etter 77 minutt då Elling Olafsen vart felt. Han sette sjølv inn utlikninga frå straffemerket, igjen hardt nede ved stolperota og utanfor keepers rekkevidde.
Resten av kampen bølga spelet fram og tilbake, og Varfjell var heldig då Salte felte ein Malmefjorden-spelar på veg igjennom ti minutt før slutt. Heimepublikummet ropte på raudt kort, men etter å ha snakka med linjemannen vart det blåst offside. Så måtte målvakt Egil Dalhaug i aksjon for å stoppe eit skot frå Malmefjorden i det 90. minutt.
Varfjell hadde også nokre tilløp, men først fire minutt på overtid kom avgjersla. Leo Krogseth fekk avslutta på direkten og på heil volley etter ein presis corner frå Lars-Helge Lien og sette inn 1-2 til stor jubel i Varfjell-leiren.
Neste kamp er heime mot Træff 2 kommande fredag.
KAMPFAKTA
Malmefjorden - Vestnes Varfjell 1-2 (1-0)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 26. april 2024 kl 19
Malmefjorden stadion, 75 tilskuarar
Mål:
1-0 (10) Lukas Vårdal Sandersen
1-1 (77) Elling Olafsen, straffespark
1-2 (90 + 4) Leo Krogseth
Dommar: Arnt Ivar Dale, Elnesvågen. Assistentdommarar: Eren Aksoy, Molde og Johannes Dahlberg, Frei
Gult kort: Leo Krogseth (82) 5 til Malmefjorden: Joakim Fivelstad (53), 67'Fredrik Aas Røkkum (67), Preben Gjerdseth Lyngstad (76), Fredrik Gjerdseth Lyngstad, keepertrenar (79), Kjartan Johansen Syltevig (90)
Vestnes Varfjell: Egil Dalhaug: Simon Ødegård Kjørvik, Vegard Storsæter Ellingseter (Didrik Selnes Sæter 83.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (Tor-Bjarne Løvik Salte 29.), Magnus Nerheim (Lars-Helge Lien 70.) - Leo Villa Krogseth, Amund Stavem (K), Tommy Kanishi Andreassen (Glenn Stenødegård 58.) - Elling Furland Olafsen (Sverre Olgar Lindset 83.), Eirik Leao Tomren (Lucas Pedersen Våge 67.)
Benytta innbyttarar: