(Måndalen - Vestnes Varfjell 0-2) Vestnes Varfjell fekk med seg alle poenga då laget drog i land ein ny seier i lokaloppgjeret i Måndalen laurdag.
Sjå bilde av skåringane i VarfjellTV:
Det sto 0-1 ved pause etter skåring av Tommy Kanishi på eit susande skot frå rundt 20 meter. Vestnes Varfjell hadde eit markant overtak, men heimelaget - med fleire tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på laget - forsvart seg godt.
Spenninga heldt seg utover i ein andreomgang prega av mykje duellspel og skliktaklingar på ei etter kvart regnvåt grasbane. På overtid kunne Didrik Sæter endeleg fjerne all tvil då han forulgte eit langt framspel og sette ballen forbi keeper. 0-2 vart også sluttresultatet.
Neste kamp er toppoppgjeret mot Bud/Bryn på Vestnes komande laurdag.
Måndalen - Vestnes Varfjell 0-2 (0-1)
5. divisjon Nordmøre og Romsdal, laurdag 5. september 2026 kl 13
Måndalen stadion, 120 tilskuarar
Mål:
0-1 (43) Tommy Kanishi Andreassen
0-2 (90) Didrik Sæter
Dommar: Eren Aksoy, Molde FK
Gult kort:
Vestnes Varfjell (4-3-3):
1 Egil Dalhaug
45 Cédric Ronnie Hellström Andreassen
27 Kristian Flittie Onstad
23 Svein Erik Lange Male (K)
22 Torstein Væge Nekstad
24 Didrik Selnes Sæter
80 Tommy Kanishi Andreassen
7 Tor-Bjarne Løvik Salte
8 Casper Rolf Hellstrøm Andreassen
20 William Pedersen Hjelvik
10 Leo Villa Krogseth
Innbyttarar:
15 Carlos Felipe Gonzalez
2 Håkon Ødegård Kjørvik
9 Magnus Nerheim
11 Sverre Olgar Lindset inn for Leo Krogseth 60.
14 Knut Stian Eik
17 Florian Hill
25 Henrik Leao Tomren
26 Jo Sigurd Vold
28 Andreas Hole