Leo Krogseth skåra det første målet og var ei stadig utfordring for MFK 3-forsvaret.

(Molde 3 - Vestnes Varfjell 0-3) Molde 3 toppa laget, men det var ikkje nok til å stoppe serieleiaren. Skåringar frå Leo Krogseth, William Hjelvik og Cederik Andreassen sikra borteseier på KGB i Molde tirsdag kveld.

MFK 3 stilte denne gongen forsterka med fire spelarar frå Molde 2 i 3. divisjon. Dermed var det ei i utgangspunktet vanskeleg oppgåve som venta i den utsatte kampen på Lubbenes. Vertane hadde også eit overtak i starten, utan å skape noko. 

Etter 17 minutt skjedde det som skulle sette sitt preg på resten av kampen. MFK 3-keeperen var utanfor eigen 16-meter og felte Leo Krogseth som var på veg igjennom. Raudt kort og frispark, eit frispark Krogseth sjølv sette i mål frå rundt 19 meter.

Sjå video av skåringa her:

Gjestane pressa MFK 3 høgt og 0-2 kom då erstattaren i Molde-målet skaut i William Hjelvik og i mål til 0-2. 0-3 kom på ein corner frå Leo Krogseth der Cedrik Andreassen raga høgast i feltet.

Andre omgang vart ikkje like innhaldsrik og for Varfjell handla det mest om å sikre seieren og halde "nullen". MFK 3 var kanskje heldige som ikkje fekk endå ein spelar utvist då Casper Andreassen vart felt på veg igjennom. Leo Krogseth var nærme 0-4 då han kom fri etter ein halvtime, men skotet strauk stolpen. MFK 3 hadde ein ball i stolpen, men kampen ebba ut med 0-3.

Ein solid lagseier. Neste kamp er borte mot Kårvåg/Havørn/AK 2 laurdag.

KAMPFAKTA

Molde 3 - Vestnes Varfjell 0-3 (0-3)

Molde kunstgress (Lubbenes), 65 tilskuarar (10 Vestnes)

Seriekamp 5. divisjon Nordmøre og Romsdal, tirsdag 18. august 2026 kl 19.30

Mål:

0-1 (18) Leo Krogseth

0-2 (28) William Hjelvik

0-3 (38) Cédrik Andreassen

Dommar: Håkon Bøe Olsen, Dahle

Assistentdommarar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen og Sigurd Ylvisåker, Bud

Raudt kort: Nikolai Herkedal, MFK 3 (17)

Gult kort: Leo Krogseth, Vestnes Varfjell (38). Karl Aksel Kavli Miller (22), Tahina Nirina Andrianaivoravelona (65) og Oliver Roaldset Furset (72), Molde 3.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug (K): Torstein Nekstad, Cédrik Andreassen, Svein Erik Lange Male, Sverre Lindset - Tommy Kanishi Andreassen, Didrik Sæter (Knut Stian Eik 75.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Casper Andreassen (Florian Hill 75.), William Hjelvik, Leo Krogseth (Henrik Tomren 76.)

 

Bilde frå kampen:

DSC_7381
DSC_7381
DSC_7382
DSC_7382
DSC_7383
DSC_7383
DSC_7384
DSC_7384
DSC_7385
DSC_7385
DSC_7386
DSC_7386
DSC_7387
DSC_7387
DSC_7388
DSC_7388
DSC_7389
DSC_7389
DSC_7390
DSC_7390
DSC_7391
DSC_7391