Daniel Watt Gravdehaug nøyde seg med ein omgang grunna A-kamp søndag, men rakk å skåre to mål mot gamle lagkameratar. Her i samtale med Varfjell-legende Lars Jørgen Skjegstad i pausen.

(Vestnes Varfjell - Træff 2. lag 1-3) Vestnes Varfjell hang ikkje med i staren av kampen og tapte fortent heime mot Træff 2 fredag. "Sjølvsagt" avgjorde Daniel Gravdehaug for bortelaget. Først ei omdiskutert skåring der dommar overstyrte linjemannen som vinka for offside, så ein fin enkeltprestasjon og eit velplassert skot. Elling Olafsen reduserte på straffe for heimelaget heilt på slutten.

Dei rundt 150 frammøtte i vårsola sørga for ei fin inntekt til Barnekreftforeningen i høve Fotballtrøyefredag. Ute på bana fekk dei dessverre sjå eit skuffande tamt heimelag som vart hardt straffa mot forrige sesongs seriemeister i 4. divisjon. Alt etter tre minutt hadde Eirik Hermansen roen og la ein presis ball bak Varfjell-forsvaret. Sivert Røberg lurte seg forbi oppassaren sin og kunne enkelt trille inn 1-0.

Noah Johansen fekk seg ein nasestyvar, men ingen straffe tidleg i kampen.

Så hadde heimelaget nokre forsøk, Eirik Leao Tomren vart stoppa av keeper på kloss hald, medan Noah Johansen vart stoppa av ein høg fot i ansiktet, men fekk ingen straffe. Så skåra Træff igjen etter 20 minutt Daniel Watt Gravdehaug, som spelte heile sesongoppkøyringa for Vestnes Varfjell før han gjekk til Træff rett før sesongstart, kunne enkelt sette inn 2-0 eter ein innlegg på bakre stolpe. Linjemannen var oppe med flagget for det som kunne sjå ut som ein stuss frå ein Træff-spelar før ballen nådde Gravdehaug, men dommar var ikkje samd og dømte mål. Like etter auka Gravdehaug til 3-0, og då fekk han kvile i andre omgang.

Elling Olafsen, Magnus Nerheim og Glenn Stenødegårdvart bytta inn alt før pause.

Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor bytta ut heile angrepsrekka i eit forsøk på å få ei redusering før pause, men det vart berre nesten. Leo Krogseth kom på skothald etter 40 minutt, men keeper redda enkelt. Like før pause sette same Krogseth opp Amund Stavem i god skotposisjon, men forsøket gjekk til side for mål. 

Andre omgang var lenge prega av at bortelaget hadde god kontroll mot eit stadig meir frustrert heimelag. Først dei siste 20 minutta kom heimelaget på det som likna ein sluttoffensiv anført av kaptein Amund Stavem. Først var fann han Elling Olafsen i god posisjon, men skotet gjekk like utanfor. Så kombinerte dei to fint innanfor 16-meteren, men det vart ikkje mål.

Elling Olafsen reduserer på straffe.

Først heilt på slutten kom det ei redusering. Svein Erik Lange Male vart dratt ned inne i feltet og Elling Olafsen var som vanleg sikker frå straffemerket. Varfjell pressa på for fleire mål, men kampen ebba ut på stillinga 1-3.

På den positive sida: Knut Stian Eik gjorde comeback etter kneskaden som har halde han på sidelinja i eitt år.

Eide borte er neste kamp.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Træff 2. lag 1-3 (0-3)

4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 3. mai 2024 kl 19

Vestnes idrettspark, 150 tilskuarar

Mål:

0-1 (3) Sivert Røberg

0-2 (21) Daniel Watt Gravdehaug

0-3 (24) Daniel Watt Gravdehaug

1-3 (89) Elling Olafsen, straffespark

Dommar: Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen. Assistentdommarar: Kåre Bergset, Elnesvågen og Øystein Lysø, Surnadal

Gult kort: Tommy Kanishi Andreassen (62) og Svein Erik Lange Male (87), Vestes Varfjell.  Johan Antonius Dale (64), Træff 2.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug: Lucas Pedersen Våge (Glenn Stenødegård 46.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Svein Erik Lange Male, Simon Ødegård Kjørvik (Lucas Pedersen Våge 75.) - Leo Villa Krogseth (Vegar Bjørkevoll Skare 75.), Amund Stavem (K), Tommy Kanishi Andreassen (Eirik Leao Tomren 75.) - Lars-Helge Lien (Knut Stian Eik 75.), Noah Johannes Johansen (Elling Furland Olafsen 40.), Eirik Leao Tomren (Magnus Nerheim 40.)

Bildegalleri:

DSC_4240
DSC_4240
DSC_4241
DSC_4241
DSC_4242
DSC_4242
DSC_4243
DSC_4243
DSC_4244
DSC_4244
DSC_4245
DSC_4245
DSC_4246
DSC_4246
DSC_4247
DSC_4247
DSC_4248
DSC_4248
DSC_4249
DSC_4249
DSC_4250
DSC_4250
DSC_4251
DSC_4251
DSC_4252
DSC_4252
DSC_4253
DSC_4253
DSC_4254
DSC_4254
DSC_4255
DSC_4255
DSC_4256
DSC_4256
DSC_4257
DSC_4257
DSC_4258
DSC_4258
DSC_4259
DSC_4259
DSC_4260
DSC_4260
DSC_4261
DSC_4261
DSC_4262
DSC_4262
DSC_4263
DSC_4263
DSC_4264
DSC_4264
DSC_4265
DSC_4265
DSC_4266
DSC_4266
DSC_4267
DSC_4267
DSC_4268
DSC_4268
DSC_4269
DSC_4269
DSC_4270
DSC_4270
DSC_4271
DSC_4271
DSC_4272
DSC_4272
DSC_4273
DSC_4273
DSC_4274
DSC_4274
DSC_4275
DSC_4275
DSC_4276
DSC_4276
DSC_4277
DSC_4277
DSC_4278
DSC_4278
DSC_4279
DSC_4279
DSC_4280
DSC_4280
DSC_4281
DSC_4281
DSC_4282
DSC_4282
DSC_4283
DSC_4283
DSC_4284
DSC_4284
DSC_4285
DSC_4285
DSC_4286
DSC_4286
DSC_4287
DSC_4287
DSC_4288
DSC_4288
DSC_4289
DSC_4289
DSC_4290
DSC_4290
DSC_4291
DSC_4291
DSC_4292
DSC_4292
DSC_4293
DSC_4293
DSC_4294
DSC_4294
DSC_4295
DSC_4295
DSC_4296
DSC_4296
DSC_4297
DSC_4297
DSC_4298
DSC_4298
DSC_4299
DSC_4299
DSC_4300
DSC_4300
DSC_4301
DSC_4301
DSC_4302
DSC_4302
DSC_4303
DSC_4303
DSC_4304
DSC_4304
DSC_4305
DSC_4305
DSC_4306
DSC_4306
DSC_4307
DSC_4307
DSC_4308
DSC_4308
DSC_4309
DSC_4309
DSC_4310
DSC_4310
DSC_4311
DSC_4311
DSC_4312
DSC_4312
DSC_4313
DSC_4313
DSC_4314
DSC_4314
DSC_4315
DSC_4315
DSC_4316
DSC_4316
DSC_4317
DSC_4317
DSC_4318
DSC_4318
DSC_4319
DSC_4319
DSC_4320
DSC_4320
DSC_4321
DSC_4321
DSC_4322
DSC_4322
DSC_4323
DSC_4323
DSC_4324
DSC_4324
GMq3BJ_XsAE7qAW
GMq3BJ_XsAE7qAW
GMrELSUXoAEo92j
GMrELSUXoAEo92j