(Dahle - Vestnes Varfjell 3-2) Ein svak start på kampen gjorde at Vestnes Varfjell gjekk på sesongens første tap borte mot Dahle fredag. Laget heva seg i andre omgang og skåra det einaste målet etter pause, men det heldt ikkje til poeng.
Begge lag sto med seks poeng og full pott etter to kampar, og speaker ønska velkommen til "toppkamp" mellom lag ein og to på tabellen. I starten var det berre Dahle som såg ut som eit topplag. Bydelsklubben frå Kristiansund pressa gjenstane bakover på bana. Etter 14 minutt utnytta Jonas Frøner nøling i Varfjell-forsvaret og sette ballen kontant i mål ved stolpen.
Vestnes Varfjell svarte med ein gong. Tor-Bjarne Løvik Salte heada i mål etter ein corner og laga var like langt. Gjestane kunne også tatt leiinga, men skotet "lausna frå foten" då Lars-Helge Lien fekk sjansen.
I staden var det vertane som skåra igjen då Tobias Dahle raga høgast på eit innlegg etter 23 minutt. Og det skulle bli verre. Frøner vart tomålsskårar då han vart spelt igjennom og sette ballen forbi ein utrusande Owen Connor. Vestnes Varfjell fekk mykje å tenke på i veg til garderoben.
Trenar Alexander Connor måtte også til denne kampen sette saman eit heilt nytt forsvar. Etter pause vart det gjort nye grep, og litt etter litt åt laget seg inn i kampen mot eit Dahle-lag som såg meir og meir forsynte ut.
Lars-Helge Lien skaut like utanfor på bortelagets første store sjanse i andre omgang, før innbyttar Knut Stian Eik nesten overlista keeper. Reduseringa kom ti minutt før slutt. Ein annan innbyttar. Håkon Kjørvik, sendte i veg ei presis tversoverpasning til Elling Olafsen. Den gamle storskåraren kjente lukta av mål og avslutta med ei kontant skot i motsatt hjørne.
La det vare sagt: Dahle kom nærme med avslutningar både i tverrliggaren og stolpen før reduseringa. Kampen avslutta også med eit par store sjansar til heimelaget, som vann ein fortent seier.
Trenar Connor var likevel irritert etterpå:
- Det er ein kamp me kunne fått noko ut av, men der me dessverre slepp inn tre lette mål før pause. I andre omgang gjer me eit godt forsøk, men tida rann dessverre ut for å få inn ei utlikning.
Igjen var det ein del forfall, og i tillegg måtte Arian Kosinski ut med ein "kjenning" i lysken.
- Me slit framleis ein del med sjukdom og andre forfall, men alle ære til dei som fekk sjansen i dag, som gjer ein god innsats, seier Connor.
Neste kamp er heime mot Midsund på fredag om ei veke.
KAMPFAKTA
Dahle - Vestnes Varfjell 3-2 (3-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 5. mai 2023 kl 19
Dahle kunstgresspark, 50 tilskuarar (5 Vestnes)
Mål:
1-0 (14) Jonas Frøner
1-1 (17) Tor-Bjarne Løvik Salte
2-1 (23) Tobias Dahle
3-1 (35) Frøner
3-2 (79) Elling Olafsen
Dommar: Arnt Ivar Dale, Elnesvågen. Assistentdommarar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Uvungen og Eirik Stenberg, Elnesvågen
Gult kort: Svein Erik Lange Male (89) og Håkon Kjørvik (90), eitt til Dahle (Mats Lindskog 34)
Vestnes Varfjell (4-4-2): Owen Connor; Simon Kjørvik, Svein Erik Lange Male. Tor-Bjarne Løvik Salte, Magnus Nerheim (Lucas Våge 83) - Lars-Helge Lien, Amund Stavem (k), Leo Krogseth (Dag Maier 77), Lucas Våge (Knut Stian Eik 63.) - Adrian Kosinski (Håkon Kjørvik 69), Elling Olafsen
BILDEGALLERI: