(Dahle - Vestnes Varfjell 2-1) Lars-Helge Lien gav Vestnes Varfjell leiinga på ein flott lobb, men Dahle kom tilbake og tok seieren etter to mål av divisjonens toppskårar Jonas Frøner.
Vestnes Varfjell gjekk ut offensivt i regnværet i Kristiansund. Kaptein Amund Stavem hadde kveldens første avslutning etter fem minutt då han skaut frå langt hald etter eit raid langs høgresida. Keeper var med på notane og redda ute ved stolpen. Minuttet etter var Stavem på farta igjen. Frå eigen banehalvdel la han ein presis ball over Dahle-forsvaret. Lars-Helge Lien tima løpet perfekt, tok ballen på halvspretten og lobba over ein utrusande keeper til leiing 0-1.
Dahle har den suverene toppskåraren i divisjonen i Jonas Frøner. Med sine 27 fulltreffarar er han ein mann å passe ekstra godt på, men etter 16 minutt glapp det og han fekk skyte inn utlikninga frå kloss hald etter at ballen hadde gått att og fram inne i feltet. 1-1 sto seg til pause.
Andre omgang starta med ei god redning frå Owen Connor. Dahle hadde eit lite overtak og skapte dei farlegaste sjansane. Det var derfor ikkje ufortjent at heimelaget tok leiinga etter 66 minutt. Det starta med ei kontring etter at Vestnes Varfjell hadde hatt eit frispark. Eit innlegg vart lagt på bakre stolpe og der var sjølvsagt Frøner igjen umarkert og kunne sette inn 2-1.
Vestnes Varfjell kjempa på for ei utlikning, men det vart berre nesten.
Laget reiste til Kristiansund med ein liten tropp, og trenar Alexander Connor hadde sett seg sjølv opp mellom innbyttarane. Han kom aldri innpå, Utan spelarar som Tommy Kanishi og Oscar Misfjord måtte det gjerast ein del endringar på laget. Ole Håkon Heen Lien tok plass i midtforsvaret slik at Tor-Bjarne Løvik Salte kunne styrke midtbana. Sverre Olgar Lindset debuterte frå start på den eine backen. Alle dei tolv som fekk speletid greide seg godt.
Resultata fredag gjer at det tetnar til i botn i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, der stillinga no er slik med to runder att:
9) Vestnes Varfjell 17 p
10) Malmefjorden 16 p
11) AK 15 p
12) Tomrefjord 10 p
Framleis kan det skje at alt frå 0 til 4 lag rykker ned. Slik situasjonen er akkurat no, ligg minst to lag an til å rykke ned, men dette kan endre seg alt i helga om Surnadal tar seg over nedrykksstreken i 3. divisjon (og at MFK 2 og KBK 2 held seg over streken i si avdeling). Om vinnaren i Nordmøre og Romsdal slår vinnar Volda på Sunnmøre, vil det også redusere nedrykket med eitt lag.
Neste kamp er mot Midsund laurdag klokka 15. Dette er også årets siste heimekamp. Serieavslutninga er borte mot AK fredagen etter.
KAMPFAKTA:
Dahle - Vestnes Varfjell 2-1 (1-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 4. oktober 2024 kl 19
Dahle kunstgresspark - 60 tilskuarar
Mål:
0-1 (7) Lars-Helge Lien (0-1)
1-1 (17) Jonas Tømmerdal Frøner
2-1 (66) Jonas Tømmerdal Frøner
Laget:
Innbyttarar: