(Åndalsnes - Vestnes Varfjell 6-2) Eit heimlag i desperat poengnaud kunne ikkje bedt om ein betre motstandar då eit tafatt Vestnes Varfjell-lag gjesta Øran stadion torsdag. Elling Olafsen utlikna til 1-1 og Tor-Bjarne Løvik Salte fekk eit trøstemål etter pause.
ÅIF sto med berre fire poeng før kampen, men har etter rapportane fått dårleg utteljing, særleg på heimebane. Til denne kamapen hadde den gamle toppspelaren, no dagleg leiar i klubben, Aksel Berget Skjølskvik, børsta støvet av fotballskoa. Skjølsvik var kjent som ein spelar med stor innsats som ikkje la noko imellom i taklingane, og det såg ut til å smitte over på resten av laget. Åndalsnes gjekk nemleg ut av startblokkene som det var Karsten Warholm på Bislett seinare på kvelden.
Då Varfjell-forsvaret såg ut til å ha ridd unna den verste stormen, fekk heimelaget hjelp av ein uheldig Amund Stavem som serverte ein ÅIF-spelar i 16-meteren. Skotet vart redda av Owen Connor, men returen fekk nemnde Aksel Berget Skjølsvik krangla over streken til 1-0 etter 16 minutt. Det var vel også det siste me såg av den tidlegare Rosenborg-, Molde- og Sandnes-Ulf-spelaren.
Vestnes Varfjell sleit med å etablere noko spel, det var heimelaget som vann duellane og var først på dei fleste ballane. Det var derfor mot spelets gang at utlikninga kom like før halvtimen. Leo Krogseth sto for eit skikkeleg C-moment då han dansa seg forbi ÅIF-forsvaret på dødlinja, skaut i stolpen først og serverte returen ut i feltet til Elling Olafsen som dundra den opp i nettaket.
Den vesle kontingenten av bortesupporterar på tribuna håpte dette var det som skulle snu kampbildet, men bortelaget såg ikkje ut til å vere i stand til det. ÅIF køydre berre på vidare og fekk betalt igjen på ein corner på overtid i første omgang. Dermed fortent 2-1 til pause.
Heller ikkje pausepraten såg ut til å ha gjort underverk. Heimelaget gjekk nemleg rett i angrep også etter pause og på den andre sjansen sat 3-1. Igjen fekk laget to sjansar, då keeper redda godt først, men igjen med ein ÅIF-ar først på returen. Det same gjentok seg ti minutt etter og det sto 4-1. Tor-Bjarne Løvik Salte reduserte då han reiv til seg ballen og sette den i nettaket frå kloss hald etter ein time.
Vestnes Varfjell forsøkte å komme tilbake i kampen no, men med Kosinski ute med skade og ellers svakare angrepskraft utover i kamen, vart det med forsøket. I staden utnytta heimelaget det store bakrommet som oppsto til å løpe igjennom og skåre to mål til. Dermed vart det eit stygt tap.
Det vart gjort mange bytter utover i kampen og fleire unggutar fekk speletid. Leon Åfløy Botnvik fekk sin debut på A-laget.
Neste kamp er heime mot Sunndal på sjølvaste jonsokaftan fredag om ei veke.
KAMPFAKTA:
Åndalsnes - Vestnes Varfjell 6-2 (2-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal. torsdag 15. juni 2023 kl 19
Øran stadion, 150 tilskuarar
Mål:
1-0 (16) Aksel Berget Skjølsvik
1-1 (27) Elling Olafsen
2-1 (45 + 2) Eskil Alnes Bersås
3-1 (47) David Aleksander Ytterli Olsvik
4-1 (57) Edvin Paulo da Silva Sæther
4-2 (59) Tor-Bjarne Løvik Salte
5-2 (62) Edvin Paulo da Silva Sæther
6-2 (90) Leander Holm Mikalsen
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Gult kort: 1 til Åndalsnes
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Lucas Pedersen Våge, Svein Erik Lange Male, Simon Kjørvik (Vegar Skare 59.), Håkon Kjørvik (Dag Maier 60.) - Leo Krogseth (Didrik Selnes Sæter 79.), Amund Stavem (k) (Leo Krogseth 84.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Adrian Kosinski (Juan Richard Larsen), Elling Olafsen (Arjan Sylte 68.), Eirik Leao Tomren (Leon Åfløy Botnvik 79.)