(Midsund - Vestnes Varfjell 3-0) Topplaget Midsund vart for sterke i siste kamp før ferien. Heimelaget vann 3-0 i det som var første kamp med Tommy Kanishi Andreassen som hovedtrenar for Varfjell. Vestnesingen Oscar Misfjord skåra to av måla.
Hardtsatsande Midsund har rundspelt dei fleste på si strøkne grasmatte i år, og Vestnes Varfjell fekk også nok med å forsvare seg. Dessverre gjekk det berre tre minutt før første ball låg i nota. Eit innlegg frå dørlinja vart ekspedert over streken av Simon Gautun Moe, ein spiss som kom frå Rival i vår. Oscar Rekdal Misfjord er ein annen målskårar midsundingane har lokka til seg. Han møtte gamle lagkameratar, men viste ingen nåde av den grunn. Tolv minutt var spelt då han fekk tid til å plassere ballen til side for keeper. 2-0 sto seg til pause etter at Egil Dalhaug hadde varta opp med eit par gode redningar.
Dessverre var same Dalhaug ikkje like heldig då han slapp eit skot over seg og i mål etter at ein time var spelt. Igjen var Misfjord sist på ballen. Midsund hadde også ein ball til inne, men den vart korrekt avblåst for offside.
Vestnes Varfjell prøvde seg på ein litt meir spelande stil under sin nye hovedtrenar, men sleit med å få til det siste trekket. Bakover var det igjen ganske solid sjølv om forsvarsdirigent Kristian Flittie Onstad var ein av fleire som mangla i en litt ferieprega tropp:
-
1 Egil Dalhaug
-
2 Håkon Ødegård Kjørvik
-
6 Ørjan Tangen (K)
-
23 Svein Erik Lange Male
-
- 16 Odd Johann Ludviksen
-
10 Leo Villa Krogseth
-
80 Tommy Kanishi Andreassen
- 22 Simon Ødegård Kjørvik
- 17 Fredrik Lie
-
14 Knut Stian Eik 73. min for Ludviksen
- 8 Vegar Bjørkevoll Skare ubenytta
- 19 Magnus Nerheim ubenytta
- 15 Torstein Væge Nekstad 58. min for Eik
- 3 Ole Alexander Mekvik Ulvestad 79. min for Lindset
-
20 Andreas Hole 62. min for Kanishi
100 betalande tilskuarar
Dommer: Oliver Bjørsnøs Bakke (Elnesvågen og Omegn Idrettslag)
Ass.dommer 1: Oliwier Grzegorz Deuter (Elnesvågen og Omegn Idrettslag)
Ass.dommer 2: Amanuel Tsegay Tewelde (Molde Fotballklubb)
Nokre bilde frå kampen (Foto: Lars Jørgen Skjegstad)