(Vestnes Varfjell - Dahle 1-5) Vestnes Varfjell fekk ein god start då Eirik Tomren sendte laget i føringa mot Dahle fredag, og det såg lyst ut med tanke på å sikre etterlengta heimepoeng. Men ein kort periode i andre omgang øydela alt. Då slapp laget inn to mål på tre minutt - det eine ei skikkelig «gavepakke» og fekk i tillegg Elling Olafsen utvist.
Dahle skåra seinare etter å ha lurt offside-fella og til slutt på eit seint straffespark. Ta med at Tommy Kanishi måtte gje seg etter to minutt og Simon Kjørvik etter ein dryg halvtime, så forstår ein at dette ikkje var heimelagets kveld.
I staden vart det Jonas Frøners store kveld med fire skåringar.
Men det kunne ha endt så mykje betre. Heimelaget starta nemleg best. Ein frisk Elling Olafsen sette tonen etter fire minutt då Dahle-keeper og -trenar Bjørnar Jünge Husby måtte i aksjon. Dessverre var ingen med på returen. Med på notane var definitivt Eirik Leao Tomren fem minutt seinare. Eit langt framspel frå Noah Johansen nådde Tomren som greide å lure seg forbi Dahle-forsvararen før han sette ballen i mål til leiing 1-0.
Så varta Egil Dalhaug opp med ei god redning i andre enden før Noah Johansen skaut rett på keeper frå god posisjon. Då var det spelt 20 minutt og begge lag angreip villig. Dessverre vart Varfjell litt for ivrige etter ein halvtime då dei ikkje fekk avslutta og Dahle i staden kunne kontre. Jonas Frøner fekk ein enkel jobb med å sette inn utlikninga. 1-1 vart også pauseresultatet.
Vestnes Varfjell opna friskt også i andre omgang då eit skot frå Elling Olafsen strauk stolpen etter eit halvminutt.
Så vart det meste svart. Frøner fekk rage høgast etter ein corner, så fekk same mann servert ballen på eit sølvfat frå ein uheldig Leo Krogseth og skåra sikkert aleine med keeper.Plutseleg 1-3. Då heimelaget skulle mobilisere for å forsøke å svare på dette, fekk dei i staden ein ny kalddusj. Elling Olafsen gjekk for hardt til i ein duell heilt ved sidelinja midt på banen og sparka ned ein Dahle-spelar bakfrå. Gjestedommaren frå Sunnmøre drog opp det raude kortet, og ein veg tilbake i kampen såg brått mykje vanskelegare ut.
Etter dette hadde gjestane frå Kristiansund full kontroll på eit heimelag som skjønte at kampen var tapt. 1-4 kom då Frøner lurte offsidefella etter 64 minutt, medan det siste målet kom på eit straffespark like før slutt då Håkon Kjørvik gjekk for hardt inn i ryggen på ein Dahle-spelar.
Neste kamp er borte mot Midsund.
KAMPFAKTA:
Vestnes Varfjell - Dahle 1-5 (1-1)
4. divisjon Nordmøre og Romsdal, fredag 7. juni 2024 kl 19
Vestnes idrettspark, 115 tilskuarar
Mål:
1-0 (11) Eirik Leao Tomren
1-1 (31) Jonas Tømmerdal Frøner
1-2 (52) Frøner
1-3 (54) Frøner
1-4 (62) Frøner
1-5 (88) Erik Bach Råket, straffespark
Dommar: Rohollah Ahmadzai, Langevåg. Assistentdommarar: Lars Olsvik Byfuglien, Blindheim og Norvald Helge Lausund, Brattvåg
Raudt kort: Elling Olafsen, Vestnes Varfjell (55). Gult kort: Auden Ljøkjell Boksasp, Dahle (23)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Egil Dalhaug; Simon Ødegård Kjørvik (Didrik Selnes Sæter 37.), Ørjan Tangen (Ole Håkon Heen Lien 77.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Magnus Nerheim (Svein Erik Lange Male 77.) - Leo Villa Krogseth, Amund Stavem (k), Tommy Kanishi Andreassen (Glenn Stenødegård 4. (Håkon Ødegård Kjørvik 62.) - Noah Johannes Johansen (Sverre Olgar Lindset 74.), Elling Furland Olafsen, Eirik Leao Tomren