Hansen spelte i fjor for Eidsvåg, og har i vinter også vore innom Spjelkavik. Han spelte ifølge rapportane seg opp etter ein litt famlande start og hadde vel også målgjevande pasning då Simen Brennvik avgjorde kampen.
{seyretpic id=868 align=center} |
{seyretpic id=869 align=center} |
{seyretpic id=870 align=center} |
Sist laga møttes tidlegare i vinter vann Vestnes Varfjell 6-5. Det vart målrikt denne gongen også, og igjen vann Vestnes Varfjell med eitt mål.
Vegard Ellingser gav meimelaget ei tidlege leiing på ei skotfinte etter innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen. Gjestane frå Sunnmøre slo tilbake slik at det sto 1-1 til pause. Gjestana skåra først i andre omgang, men Simen Brennvik avgjorde med to skåringar. På det siste kvartert avgjorde han kampen, først med ei heading i mål etter eit frispark, så den avgjerande skåringa etter eit gjennomspel fire minutt før slutt.
Norborg skriv om kampen at dei hadde flest sjansar, men at Vestnes Varfjell var meir effektive. Utanom skåringane hadde Vestnes Varfjell også eit skot i stolpen.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Norborg 3 -2
Treningskamp
Vestnes idrettspark
Torsdag 2. april 2009 kl 19
Tilskuarar: ca 30
1-0 (9) Vegard Ellingseter
1-1 (21) Tarjei Urkedal
1-2 (74) Urkedal
2-2 (76) Simen Brennvik
3-2 (86) Brennvik
Dommar: Jonny Svensli, Vestnes Varfjell
Assistentdommarar: Olav Gunnar Lundgren, TIL og Torbjørn Eidhammer, VVIL
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren (Arild Mundal 46.); Simen Brennvik, Thomas André Brastad, Yngve Solevågseide, Martin Lange Sylte (Svein Erik Lange Male 80.) - Vegard Ellingseter, Jørgen Gravdehaug, Karl Arne Stokkeland - Tommy Hansen, Elling Olafsen (Svein Erik Gregersen 50.), Tommy Kanishi Andreassen.