I kaldt og fint vinterver sette Magnus Nerheim inn det første målet etter ein corner før kvarteret var gått. Så følgde to litt heldige skåringar ved Ronny Leikarnes og Tommy Kanishi Andrassen slik at det stod 3-0 til pause.
Ronny Leikarnes sette inn sitt andre for kvelden etter pause, før Simen Brennvik avslutta til seier 5-0.
Sander Valde og Nicolai Sivertsen var nye spelarar på kvar sin back, Magnus Nerheim starta kampen på midtbana, medan Kristian Leikarnes og Justin Sætre kom innpå i andre omgang.
Trenar Alexander Connor oppsummerer kampen slik:
"Greit å få ein kamp 11 mot 11 på stor bane. Til tider bra, men likevel nok å jobbe med fram mot seriestart. Eg er fornøgd med unggutane som fekk sjansen, både dei som starta og dei som kom innpå"
Han stod sjøl over og i tillegg er ikkje Tore Akselsen og Nirut Mjøs klar etter skade.
Neste avtalte treningskamp er mot Ørskog i mars, men det blir arbeidd med å få til ein eller fleire kampar innan den tid.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Måndalen 5-0 (3-0)
Treningskamp
Vestnes idrettspark, 25 tilskuarar
Torsdag 4. februar 2010 kl 19.30
Mål:
1-0 Magnus Nerheim
2-0 Ronny Leikarnes
3-0 Tommy Kanishi Andreassen
4-0 Ronny Leikarnes
5-0 Simen Brennvik
Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell
Gult kort: 3 til Måndalen
Vestnes Varfjell (4-4-2): Svale Leren; Sander Valde, Thomas André Brastad, Ørjan Tangen, Nicolai Sivertsen (Simen Brennvik) - Tommy Kanishi Andreassen, Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Kristian Leikarnes), Magnus Nerheim (Justin Sætre) - Elling Olafsen, Ronny Leikarnes (Oddgeir Vikås)