ImageVestnes Varfjell tapte 1-4 borte mot KBK 2 i toppkampen i 4. divisjon søndag. Vertane gjekk hardt ut og leia fortent 2-0 til pause. I andre omgang tok Vestnes Varfjell over i banespelet og reduserte etter eit fint skot over keeper frå Tommy Kanishi Andreassen (sjå video). Laget kasta så alt framover i jakt på ei utlikning, men vart i staden straffa to gongar av eit kontringssterkt heimelag. Videoar i VarfjellTV.



KBK 2 gjekk ut i høgt tempo i regnværet og Vestnes Varfjell sleit med å henge med i svingane. Det sto 2-0 etter 20 minutt, der begge måla kom etter at heimelaget fekk lett spel gjennom Vestnes Varfjell-forsvaret.



Amund Stavem hadde dei største sjansane for eit Vestnes Varfjell-lag som spelte seg opp mot slutten av omgangen. Først skaut han like utanfor like etter 1-0-målet, så heada han like utanfor. Seinare fekk han eit skotforsøk blokkert. Også Ørjan Tangen sendte i veg eit hardt skot som keeper redda.


Etter pause tok Vestnes Varfjell tak i kampen frå start, sjølv om heimelaget også no var farlege på kontringar heile tida. Stavem hadde også no den første store sjansen med avslutning utanfor. Så sendte Marius Ulla i veg eit langskot som keeper fista over via tverrliggaren. Den fortente reduseringa kom etter ein time då Tommy Kanishi Andreassen drog seg fri og skaut i boge over keeper og i mål.

Gjestane gambla no med tre i forsvar i jakt på ei utlikning, og var nære på fleire gongar.  Tore Akselsen skaut mellom anna like utanfor etter fint kombinasjonsspel med Kanishi.



Den offensive satsinga gjorde at KBK kunne utnytte sitt farlege kontringsspel. Vertane skaut mellom anna i stolpen før 3-1 kom etter straffe der målvakt Alexander Aarø felte KBK-spelaren på veg mot mål. Vestnes Varfjell-leiren ropte på offside utan å bli høyrt, og videobilda viser at dommartrioen hadde rett. 4-1 kom på nok ei kontring like etter, og kampen var avgjort.



På overtid ville Vestnes Varfjell ha skåring då ei heading av Sindre Balstad vart redda på strek etter ein corner.


Vestnes Varfjell får ta med seg den gode andreomgangen etter denne kampen. Då viste heile laget god innsats og mykje bra spel. Midtstoppar Svein Erik Lange Male hadde fått ny makker i Marius Ulla sidan Nirut Mjøs hadde forfall. Begge spelte ein god kamp. Kaptein Kansishi gjekk som vanleg framom  då laget starta offensiven etter pause, medan Stavem berre mangla skåringa. Sindre Balstad sesongdebuterte som innbyttar og viste teikn på at han blir ein fin tilvekst til stallen.



Kampfakta:

Kristiansund BK 2 - Vestnes Varfjell 4-1 (2-0)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Søndag 3. juni 2012 kl 15

Idrettsplassen (Kristiansund kunstgressbane)

Tilskuarar: 25

Mål:

1-0 (12) Dennis Thordarsson

2-0 (20) Thordarsson

2-1 (60) Tommy Kanishi Andreassen

3-1 (80) Thordarsson, straffespark

4-1 (86) Andreas Nilsen

Dommar: Hans G Snekvik, Bjøfjord

Gult kort: Ørjan Tangen, Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Marius Ulla, Per Kristian Os Nakken (Magnus Nerheim 62.) - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Elling Olafsen (Sindre Balstad 48.) - Tore Akselsen, Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen