Kampstart måtte utsettjast i 15 minutt på grunn av lang fredagskø på Kanestraum-Halsa. Laget bytta om i buss/bilar og tok taktikkpraten i ferjesalongen på "Stordal".
Etter ein sjansefattig og litt tam start i kveldssola på Syltøran, vakna kampen til live etter 20 minutt. Som vanleg denne sesongen var tok Vestnes Varfjell-leiinga. Tommy Kanishi Andreassen snappa opp eit dårleg utkast frå keeper. Forsøket frå Kanishi vart redda i første omgang, men så fekk han ballen tilbake og la til Karl Arne Stokkeland som fann opninga og skaut i mål.
Tre minutt etter var Ronny Leikarnes på farta. Ei frekk vending nede ved dørlinja hadde nær endt i skot i mål, men keeper fekk snappa ballen. Det greidde han ikkje fem minutt seinare då Leikarnes var på full fart mot mål etter fint framspel frå Ørjan Tangen- Skotet sat sikkert forbi heimelagets målvakt.
Den gamle storskåraren var no blitt varm og reiv seg fri og sette ballen kaldt forbi keeper til 3-0. Heimelaget var tydeleg rysta og makta ikkje å skape målsjansar i første omgang. To minutt før pause la Tommy Kanishi Andreassen på til 4-0 med eit fint skot frå kloss hald.
Andre omgang starta med at Leikarnes hadde ein stor sjanse til å auke til 5-0, men skotet vart hindra av ei feberredning. Surnadal satsa alt på ei tidleg skåring etter pause og lukkast på ein retur etter ein corner. Avslutninga frå kaptein Webjørn Holten fauk i mål, utagbart for Arild Mundal i Varfjell-målet. Ein ny corner ti minutt etterpå vart heada rett i mål og det var igjen spenning i kampen.
Heldigvis fekk Vestnes Varfjell roa ned i forsvar og greide sakte, men sikkert å få igang eige spel att. Samtidig greidde ikkje heimelaget å halde oppe same trykket, samtidig som dei etter kvart byrja å slå langt på spissen Roy Bolme. Han kom ikkje nærare enn eit stolpeskot på overtid.
På 90 minutt var det også to straffesituasjonar i kvar ende av banen. Først peike dommar Henning Sunde på straffemerket etter ei felling av ein Surnadal-spelar, men assistentdommar Roger Hagbø såg at det skjedde utanfor 16-meteren. Frisparket vart sett over. Så meinte Ørjan Tangen seg felt i andre enden av banen, men Sunde vinka spelet vidare sjølv om assistenten vinka med flagget.
Tangen var etter vår meining best på kollektivt godt Vestnes Varfjell-lag. Særleg i første omgang sto han for mykje av det oppbyggande angrepsspelet frå sin nye plass som sideback. Bjørn-Vegard Løvik med si rutine og Karl Arne Stokkeland med sitt oppofrande spel var viktige i avgjerande fasar av kampen. Tomålsskårar Leikarnes spelte også sin kanskje beste kamp for året.
Avisa Driva om kampen
Kampfakta:
Surnadal - Vestnes Varfjell 2-4 (0-4)
3. divisjon Nordmøre/Romsdal BFH-serien
Fredag 19. juni 2009 kl 19.45
Syltøran stadion
100 tilskuarar
Mål:
0-1 (22) Karl Arne Stokkeland
0-2 (29) Ronny Leikarnes
0-3 (31) Leikarnes
0-4 (43) Tommy Kanishi Andreassen
1-4 (49) Webjørn Holten
2-4 (59) Tommy Thunestveit
Dommar: Henning Sunde, Molde
Gult kort: Tommy Thunestveit, Surnadal. Tommy Kanishi og Bjørn-Vegard Løvik, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-3-3): Arild Mundal; Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Karl Arne Stokkeland, Alexander Connor (Jørgen Gravdehaug 86.), Vegard Ellingseter (Jakob Talberg 81.) - Simen Brennvik (Nirut Mjøs 64.), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.