Reirgjenga frå Molde med MFK-spelar Magnus Wolff Eikrem i spissen gjekk til topps i Kjetil Rekdals Juleturnering andre juledag. Laget vann i finalen 3-1 mot Søre Luton frå Midsund. Heimefavorittane Mørejarlene slo Om Vi Gidder 5-4 på golden goal i kampen om bronsen. Turneringa vart arrangert for 24. gong og som vanleg var det mykje publikum på plass i Vestneshallen. Varfjell.no fulgte turneringa live og alle resultata finn du her .
Bildegalleri (blir oppdatert) | Videoar kjem | Bildegalleri på Rbnett | Rbnett om cupen
John Aren Øien frå Søre Luton og og Magnus Wolff Eikrem delte toppskårartittelen, begge med 7mål.
Følgende spillere utgjorde vinnerlaget: Christian Thorbjørnsen, Daniel Gauseth, Magnus Wolff Eikrem, Andreas Beinset, Ronny Fredriksen, Håvard Hendset, Iver Johansen, Kristian Strandhagen, Sivert Beinset, Øystein Sletvold, Vidar Strand, Eirik Toft, Thomas Larhammer, Andreas Nilsen og Ketil Hoem.