Dei nye koronarestriksjonane rammar igjen den organiserte idretten hardt. Alt før dei siste tiltaka bestemte styret i Vestnes Varfjell å avlyse julebordet/årsfesten. Her skulle også årets spelarar kårast og årets toppskårar få sin pris. Kjetil Rekdals juleturnering andre juledag blir det heller ikkje noko av, for andre år på rad. Me får håpe at tiltaka verkar og at 2022 blir eit betre år.