Fleire aviser skriv om den nye spelarutviklaren i Vestnes Varfjell. Bygdebladet spanderte ei side i laurdagsutgåva, der klubbleiar Knut Øyvind Hoem seier at den tidlegare austerrikske landslagsspelaren med trenarutdanning på europeisk toppnivå er til stor inspirasjon for heile klubben. - Å vere so heldig å få ein slik kapasitet inn i klubben vil vere utruleg verdifullt for oss, seier Hoem til avisa og legg til:
- Det ser ut til at austerrikaren berre på nokre få dagar har fått mykje positivitet inn i klubben. Det såg litt tungt ut med fotballgruppa like over nyttår, både med omsyn til spelargruppa og å få på plass støtteapparat for dei aldersbestemte klassane. No er dette i orden, og det er ei heilt anna stemning i fotballgruppa.
Thomas Winklhofer skal først og fremst jobbe med spelarar i alderen 12-19 år. I sommarferien kan det bli fotballskule med eksproffen. No leier han ei økt kvar i veka for 14-åringane og 16-åringane.
- Innimellom kan han bli kopla inn mot A-laget, og det er også aktuelt å opprette eit trenarforum. På den måte kan Thomas Winklhofer bli ein god bidragsytar til å utvikle våre eigne klubbtrenarar, og dette vil på sikt vere med å utvikle ei god og solid fotballgruppe i Vestnes Varfjell, seier Knut Øyvind Hoem til Bygdebladet.