Webkameraet i Vestnes idrettspark er no i drift att etter ein periode utan bilde. Det har vore problem med dei trålause signala frå kameraet og avstanden til datamaskina dette har vore knytt opp mot i Vestnes butikksenter. No er kameraet lenka opp mot lokala til avisa Næringsliv i Møre og Romsdal i Sparebank-bygget, altså mykje nærare sponsortårnet der kameraet er montert. Klikk her for å sjå Vestnes idrettspark akkurat no>>
Kameraet er plassert i sponsortårnet i Vestnes idrettspark og tar bilder sørover med Hellandheimen i bakgrunnen. Takk til Janne Nakken og kamerasponsor Expert Radio TV- Service.