To lokaloppjer avsluttar sesongen for seniorlaga i Vestnes Varfjell. Først ut var VVIL 2 som søndag tok imot Fiksdal/Rekdal i Vestnes idrettspark. Kampen endte med seier 7-2 (2-2) til heimelaget etter at Kjetil Balstad skåra hattrick. Ørjan Tangen var tilbake frå skade og skåra eitt mål. Tommy Kanishi 1 og Adrian Liabø 2 skåra dei andre måla. For Fiks/Rek skåra evigunge Dag Nakken og den ferske tv-kjendisen frå "Gøy på landet", Sivert Øveraas. Vestnes Varfjell stilte eit sterkt lag sidan A-laget hadde spelefri, men det var først etter pause at laget greide å spele ut gjestane. Tabell>> VIDEOAR I VARFJELL-TV Fredag er det A-laget sin tur til å spele lokalderby når Tomrefjord kjem på besøk. Tomrefjord, som idag tapte knepne 3-4 heime mot topplaget Træff 2. I den siste kampen i 4.-divisjonsrunden vann KBK 2 7-0 borte mot Tingvoll.
VVIL2: Balstad-hattrick då Fiks/Rek vart slått
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter