Jakob Talberg var med på laget, men kunne ikkje hindre første tap for trenar Knut Øyvind Hoem og VVIL2. (Foto: Asbjørn Vik))
Talberg og Hoem
Vestnes Varfjell 2 gjekk på årets første tap då laget møtte Rival 2 på bortebane tirsdag. Det vart målrikt på Rivalbanen. Stillinga ved pause var 3-3, men rett etter kvilen auka heimelaget til 4-3 på straffe. Seinare sette heimelaget også inn 5-3. Ådne Vik 2 og Jacob Talberg skåra for Vestnes Varfjell 2 i ein kamp der laget vart straffa hardt for forsvarsfeil. - Eg har mest lyst til å gløyme heile kampen, seier VVIL 2-trenar Knut Øyvind Hoem til Varfjell-TV.



{seyretpic id=924 align=center}  {seyretpic id=925 align=center} 
{seyretpic id=926 align=center}  {seyretpic id=927 align=center} 
{seyretpic id=928 align=center}  {seyretpic id=929 align=center} 
   
   
   
Tre mål vart skåra før fem minutt var spelt på Rivalbanen. Først eit skot frå Rival via stolpen og inn, så heada Ådne Vik inn utlikninga etter innlegg frå Tarjei Bjermeland før heimelaget snappa opp eit tilbakespel og gjekk opp i 2-1.

Etter ein halvtime lurte ein Rival-spelar seg i bakrommet og auka til 3-1 før Vestnes Varfjell kom sterkt mot slutten av omgangen. Ådne Vik skåra sitt andre for kampen då han dukka opp på bakre stolpe og Nirut Mjøs sørga for at det sto likt ved halv tid på eit skot frå kloss hald.

Rival 2 fekk straffe på ein hands rett etter pause og auka til 4-3. Like etterpå skaut Mjøs i stolpen då han snappa opp ein retur frå keeper etter eit godt skot frå Elling Olafsen.

Ingen stor kamp av Vestnes Varfjell 2. Rival 2 vann på betre fysikk samtidig som Vestnes Varfjell-forsvaret hadde ein dårleg dag på jobben.


Kampfakta:
Rival 2 - Vestnes Varfjell 2
Pause: 3-3
Seriekamp 5. divisjon avdeling 2
Tirsdag 19. mai 2009 kl 19
Rivalbanen, 15 tilskuarar
Mål:
1-0 (2)
1-1 (3) Ådne Stenberg Vik
2-1 (5)
3-1 (30)
3-2 (43) Vik
3-3 (45) Jacob Talberg 
4-3 (50) straffespark
5-3
Dommar: Atle Oterhals, MFK
Gult kort: Jakob Talberg, VVIL +?, 2 til Rival 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren: Asggeir Karlsen, Svein Erik Lange Male, Martin Lange Sylte, Simon Gimmestad Smith (Sondre Akselsen 46.) - Jakob Talberg, Olafsen, Per Kristian Os Nakken - Tarjei Bjermeland, Nirut Mjøs, Ådne Stenberg Vik.