Knut Øyvind Hoem blir ny trenar for Vestnes Varfjell 2 i 5. divisjon. Han overtek etter Geir Åge Sylte som skal konsentrere seg om oppgåva som sportsleg leiar for seniorfotballen. Hoem skal framleis vere spelar for Vestnes Varfjell. Han overtek eit ungt lag, men der også ein del av veteranane blir med vidare. Frå og med neste veke blir det eigne treningar for VVIL 2, som kan møte desse laga i serien i 5. divisjon:
Batnfjord
Bjørset
CFK
Eide/Omegn
Eidsvåg 2
Ekko/Aureosen
Fiksdal/Rekdal
Frei
Kvass/Ulvungen
Meek
Molde 4
Måndalen 2
Nordlandet
Rival 2
Skåla
Smøla
Sunndal 2
Søya/Surnadal 2
Tomrefjord
Vestnes Varfjell 2
Kretsen skriv på sine nettsider at laga skal delast inn i to avdelingar der vinnarane rykker rett opp og laga på andreplass skal spele kvalifiseringskampar om den tredje opprykksplassen. Slik det ligg an no bli det vel 10 lag i kvar avdeling, men her er det sannsynleg at fleire lag blir etteranmeldt.
Les meir på kretssidene >>