
- Vi har evaluert årets sesong med trenar, støtteapparat og spelarar. Vi er ganske sikre på kvar skoen trykkjer, og kva vi må forbetre i 2010 for ein snarlig retur til 3. divisjon. Stikkordmessig er verkemidla at det må trenast meir og tøffere neste år, seier Stokkeland.
Nokre spelarar har kontrakt også neste år, medan for andre går kontrakta ut ved årsskiftet. – Foreløpig har vi ikkje fått prata nærare med alle spelarane, men vi har heller ikkje fått signal på at nokon vil forlata klubben. Vi ynskjer også å styrke stallen med fleire spelarar, og det er mellom anna tatt kontakt med Måndalen om dei tidligare VVIL–spelarane Vegar Skare og Marius Ulla. I tillegg vil sannsynligvis nokon G16- og 5.div-spelarar bli tatt opp i a-stallen, fortel Kai Magne Stokkeland.
- Men det viktigaste akkurat no er å skaffe oss ein eller fleire dyktige personar på trenarsida, og den prosessen er vi godt i gang med. I løpet av kort tid bør vi ha trenarspørsmålet klart, slår Stokkeland fast.
Sportslig utval er i dialog med trener Alexander Connor og vårt håp er at trenaren forlenger kontrakta og fortset også i 2010. I tillegg blir det vurdert ein fast assistenttrenar, særlig om Connor fortsatt er aktuell som spiller. Ei avklaring på dette vil kome ”før snøen kommer” som Sondre Kåfjord ville ha sagt det.
- Vi hadde motgang i år, sjølv om laget periodevis spelte god fotball. Vi trur dei aktive også er innforstått med at vi må auke treningsdosane og endre holdninga på enkelte områder neste år om vi skal kome nokon veg, avsluttar Stokkeland, som også legg til at klubben fortset med andrelag eller juniorlag neste år om spelargrunnlaget og trener/støtteapparat er til stades.