Foto henta frå Kai Magne Stokkeland på Facebook.

Vestnes var godt representert på Hampden Park søndag kveld då Skottland og Norge møttes i den siste kampen i EM-kvalifiseringa. Som i 2008 var det norske flagget med Vestnes Varfjell-dekorasjon på plass. Sidan Vestnes Varfjell som kjent har sympatisører med begge lag og land, var det vel greit at oppgjeret endte 3-3. Alt før kampen var det klart at Skottland skal til EM neste år, Norge må vere heime.