Ope brev til ordførar, administrasjon og kulturpolitikarar i Vestnes.
Vestnes Idrettspark- Vestnes Varfjell IL ber om ettergiving av kr 60.000 i 5 år - overskridingar/kvalitetshøgdingar på eit anlegg som Vestnes kommune står som eigar av!
Vestnes kommune (VK) har dei siste åra hatt sterke føringar for at lag og organisasjonar i kommunen kan drive sin aktivitet for born og unge på ein tilfredsstillande måte gjennom gode økonomiske bidrag innan anleggssektoren. Lysløype, trakkemaskin, forsamlingslokale, nærmiljøanlegg og Vestnes Idrettspark for å nemne nokre gode formål det er løyvd midlar til i kommunestyret. VK sitt direkte økonomiske bidrag i Vestnes Idrettspark vart på i underkant av 1,6 mill for dette praktanlegget. Kva som er løyvd til Idahall, trakkemaskin og nærmiljøanlegg i Tomrefjord dei siste 2 åra veit naturlegvis våre kulturpolitikarar alt om. Alle desse tiltak framstår som samlande og inkluderande ikkje berre i Tomrefjord og Helland men for alle brukarar i heile kommunen.
Vestnes Idrettspark framstår i dag som eit særdeles godt anlegg samanlikna med andre og tilsvarande prosjekt i Romsdal. Prosjektet sparte også i overkant av 1 mill på at VK fekk MVA-refusjon på dette kunstgrasbaneprosjektet. I avtalen som vart skriven mellom VK og VVIL vart det presisert at alle overskridingar/kvalitetshøgdingar i prosjektet skulle dekkast av brukaren VVIL i si heilskap. Anlegget vert nytta av alle seniorlag i kommunen, eigne lag og av barnehagar og skule, også dette ein del av avtalen mellom eigar og brukar.
Frå 1. juli forsvinn automatinntektene som idrettslaget gjennom dei siste 8 åra har motteke. Dette medfører konkret ei auke i treningsavgiftene for brukarane samtidig som VVIL har underbudsjettert med kr 150.000 for 2007 og kr 200.000 neste år.
Sakens kjerne er ganske enkel,- overskridingane/kvalitetshøgdingane i Vestnes Idrettspark i samanheng med utbygginga , drive av VVIL men eigd av VK, vart på kr 560.000. Det gjenstår no kr 300.000,- som VVIL etter avtale skal TILBAKEBETALE med kr 60 .000 pr år dei neste 5 år.
Formannskapet har gjort si innstilling i saka som skal opp i kommunestyret på torsdag. Dei innstiller 2 mot 5 på at Vestnes Varfjell IL IKKJE skal få ettergitt kr 60.000 innanfor budsjett rammene for 2007.
VVIL ber om at kommunestyret torsdag ser samanheng for sine løyvingar, ser fornuften i våre argument og seier JA til ettergiving med kr 60.000 pr år og at strek vert satt etter torsdagens kommunestyremøte.
Innsidepasning frå
Kai M Stokkeland
leiar VVIL