{seyretpic id=1100 align=right}{seyretpic id=1101 align=right}Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor rosar laget for heroisk innsats i kampen mot Elnesvågen, og meinar ikkje det var grunnlag for å legge til fem minutt. - Eg syns me er betre enn Elnesvågen. Dei har ballen mykje, men skaper lite. Å få 2-2 4,52 på overtid er rett og slett trist. Spelarane hadde fortent betre i dag. Eg trur ikkje nokon har sett eit så hardtarbeidande Varfjell-lag på lenge, seier Connor til VarfjellTV. Mange spelarar sleit med skade i andre omgang og det må oppelling til før den viktige bortekampen mot Eidsvåg om ei veke. Elnesvågen-trenar Kurt Mørkøre seier laget hans slit på kunstgras og ser fram til å spele på naturgras i dei siste kampane. Sjå intervjua ved å klikke på bilda til høgre.