Meistermøte: Bjarne Nerheim (tv) og Ronny Leikarnes. (Foto: GK)
Nerheim og Leikarnes
Avisa Tidens Krav har denne veka delt ut toppskårarpokalen for 3. divisjon. I år som i fjor gjekk den til Kjetil Brudeset frå Elnesvågen med 24 mål. Brudset er ønska av KBK, men røper overfor avisa at han akkurat no hellar til å halde fram i Elnesvågen.(Les meir i TK) Mestskårande på Vestnes Varfjell, Ronny Leikarnes, kom på 9. plass med sine 14 nettkjenningar. Avisa har også ein oversikt over toppskårarar i 3. divisjon (og gamle 4. divisjon) sidan 1970. Bjarne Nerheim har vunne trofeet to gongar, med 12 mål i 1974 og 25 mål* i 1981. Roger Valldal delte tittelen i 1977 med 11 mål**. Toppen av toppskårarlista for 2009:


24 mål:
Kjetil Brudeset, Elnesvågen

17 mål:
Kristian Benjaminsen, Elnesvågen og Bertil Kjørsvik, Træff

16 mål:
Dennis Thordarson, KBK 2 og Jan Roger Angvik, Sunndal

15 mål:
Asbjørn Strand, Elnesvågen; Roy Bolme, Surnadal; Thomas Flemmen, Træff

14 mål: Ronny Leikarnes, Vestnes Varfjell (TK opererer med 15 mål pga eit feil ført sjølvmål fra bortekampen mot Træff). Neste frå Vestnes Varfjell på lista er Tommy Kanishi Andreassen på delt 25. plass med 7 mål.

 

 

Litt meir frå den historiske lista: Gunnar Eik vart toppskårar med 24 mål i 1996 som Tomrefjord-spelar. I 1992 og 1993 var toppskåraren Ole Gunnar Solskjær. Den seinare Manchester United-spissen stoppa på 30 og 20 mål desse åra, så det er håp for alle.

 

PS: Harald Innli vart toppskårar i gamle 5. divisjon i 1984 med 18 mål, Ronny Leikarnes tok pokalen i nye 5. divisjon i 1996 med 29 mål.

 

* TK oppgir 24 mål

** TK oppgir 13 mål

Også Romsdals Budstikke delte ut pokal desse åra. 25 og 11 er tal henta frå offisiell Varfjell-statistikk.