Det vart tap med heile 2-8 borte mot Molde 3 i 4. divisjon fredag kveld. Vestnes Varfjell hadde den første store sjansen då Amund Stavem skaut over etter fire minutt. Så tok MFK 3 over, og gjestane hang ikkje med gode Molde-junioarar. Kampen var tidleg avgjort etter at det sto 4-0 før ein halvtime var spelt på vind- og regnfulle Aker stadion. Fleire av skåringane var perler med skot i krysset. Ole Gunnar Kjærstad skaut like utenfor aleine med keeper, før Amund Stavem reduserte til 1-5 like før pause. Spissen sette eit frispark frå 16 meter over muren og i mål. I andre omgang var ikkje Molde-dominansen like stor. Ole Gunnar Kjærstad avslutta skåringane då han sette inn 2-8 like før slutt etter fint samspel med Amund Stavem.
Vestnes Varfjell stilte med ein stor tropp for første gong på lenge, og vil trenge alle spelarane med det tette kampprogrammet laget er inne i. No ventar kampar heime mot Elnesvågen, Åndalsnes og opprykksklare Kristiansund FK.
Kevin Gravdehaug årsdebuterte etter at ungguten har vore plaga med sjukdom heile sesongen.
Kampfakta:
Molde 3 - Vestnes Varfjell 8-2 (5-1)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 3. oktober 2014 kl 19
Aker stadion - 30 tilskuarar (12 Vestnes Varfjell)
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Ingen kort
Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen; Thomas André Brastad (Kevin Gravdehaug 64.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide (Karl-Edvard Bredeli 46.), Karl Arne Stokkeland (Ole Gunnar Kjærstad 66.), Sivert Nerheim - Ole Gunnar Kjærstad (Nirut Mjøs 51.), Amund Stavem, Azim Ahmadi (Juan Rikard Larsen 70.)