Oscar Rekdal Misfjord og Oliver Connor Søreng har valt å halde fram karriera i andre klubbar i 4. divisjon.
Begge har vore ein del av planane til det nye trenarteamet, men no er det altså klart at dei heller vil spele for andre lag på same divisjonsnivå.
Oscar Rekdal Misfjord, som var ei stor forsterking då han returnerte til moderklubben etter spel for Molde i fjor haust, har gått til Midsund. Den offensive midtbanspelaren har alt rukke å debutere for sin nye klubb der han skåra i cupkvalifisering mot Elnesvågen. Her skåra Amund Stavem, ein annan som har forsvunne til ein divisjonskollega, eitt av måla for heimelaget som vann 2-1.
Rekdal Misfjord rakk å spele 7 kampar og skåre 4 mål før han sette kursen mot kysten.

Oliver Connor Søreng har lagt ferda over Ørskogfjellet der Stordal/Ørskog er hans nye klubb. Midtbanespelaren debuterte i treningskamp mot Ravn der Stordal/Ørskog vann 3-0. Søreng var ute med skade heile fjoråret. Han blir ståande med 38 kampar og 3 skåringar på adelskalenderen.
Me kjenner ikkje bakgrunnen for klubbvala, men reknar med at dei veit vegen til Vestnes idrettspark når det skulle bli aktuelt.
Tar også med at Leon Botnvik har gått tilbake til Skåla. Han rakk eit innhopp i 2023 og to i 2024 for A-laget i 4. divisjon.
Det har vore mykje spelarar ut av Vestnes Varfjell denne vinteren, men det skal vere fleire på veg inn også. Meir om dette når det er klart.
