Vestnes Varfjell greidde ikkje opprykk i år, men for ein spelar kan det likevel gå mot spel i 3. divisjon neste år. Marius Ulla gjekk til Fotballaget Fart i sommar, og søndag kan laget frå Vang utanfor Hamar sikre opprykket. Også to andre spelarar med fortid i Vestnes Varfjell og Måndalen - Audun Leikarnes og Justin Sætre - slutta seg til Fart i sommar. Laget låg lenge på 2. plass, men etter at fremste utfordrar Grue "snubla", kan Fart no avgjere på eiga hand. Seier borte mot Løten søndag kl 13 betyr spel i 3. divisjon i 2013.
Ulla & Co. på full Fart mot opprykk
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter