Også Vestnes Varfjell er tema i intervjua i Driva sitt fotballekstra. Laget er tippa i toppen av flerie oddsselskap, men divisjonskollegaene i Kvass/Ulvungen og Eidsvåg ser ikkje ut til å vere like overbevist. Eidsvåg-trenar Espen Mellemseter trur Kvass/Ulvungen er mellom opprykskandidatane, men nemner også Dahle og Vestnes Varfjell, før han legg til: - Dei er ofte gode på våren og svake på hausten.  Kvass/Ulvungen-trenar Roger Ellevseth er samd: -  Vestnes Varfjell kan bli farlege, men etter sigande er dei veldig bra på våren, før dei dett saman i haustsesongen. Driva har også snakka med oddsekspert Johan Oltedal, som har skifta klubb frå Træff til Eidsvåg i vinter. Han har tippa Vestnes Varfjell på 4. plass og i Driva gjentek han kvifor: - Eg trur ikkje Vestnes Varfjell er gode nok, og trur oddsselskapa har vorte litt lurt av at dei slo Averøykameratene i cupen. Dei har omtrent same laget som i fjor, og eg kan ikkje sjå noko som tilseier at dei skal ha vorte så ekstremt mykje betre i år, seier han til Driva. Artiklane er ikkje lagt ut på nett, men avisa kan kjøpast elektronisk her