Vestnes Varfjell starta treningane utandørs måndag kveld - endeleg utan koronarestriksjonar. 18 mann deltok under gode forhold i Vestnes idrettspark. Frå frå før har laget mellom anna hatt ei styrketrening som du kan sjå film frå på Instagram.
I kveld kunne me også ønskje velkommen til ein nykommar i Adrian Kosinski, ein kantspelar på 21 år som starta karriera i Gossen IL. Han står med 30 A-kampar og to mål for Træff, i tilegg til mange kampar for 2.-laget i 5. divisjon der han rakk å skåre 12 mål på den halve sesongen som vart gjennomført i fjor.
Dessverre er det også to talentfulle, unge spelarar som har valt å halde fram karriera i andre klubbar. Midstoppar Cédrik Andreassen følgjer etter bror sin til Tomrefjord og dit går også den raske spissen Eirik Tomren. Dei to Connor-elevane starta karriera i gult, men har spelt heile ungdomstida si i mørkeblått. På adelskalenderen står dei med høvesvis 12 og 16 kampar. Me ønskjer lukke til og velkommen tilbake om det skulle bli aktuelt. Frå før har Daniel Gravdehaug (1 seriekamp), Tommy Kanishi Andreassen (249 kampar) og Knut Stian Eik (50 kampar) tatt turen over Furland.
Nedanfor kan du sjå fleire bilde frå treninga i kveld der som kjent Alexander Connor er tilbake som hovudtrenar. Alle foto: Frode Lien