Vestnes Varfjell har fredag kveld starta på ei treningshelg i Ålesund med trening på Blindheim stadion.

- Det vart ei roleg økt, og litt fysisk trening på dei med småskadar. Lasagnebuffet står for tur på hotellet no. I morgen så er det spillermøte og treningskamp mot Blindheim. Etter det så er det sosialt med middag og shuffleboardturnering, rapporterer spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen.

Totalt 25 mann er med totalt, 24 av dei spelarar inklusive trenarane Kansihi og Kristian Flittie Onstad.

- Kan melde om god stemning og ein sammensveiset gjeng som har stor tru på årets sesong!

Kanishi takkar Blindheim IL for lån av bane til dagens økt.

Under er nokre bilde frå kveldens trening: