Brattvåg-trenar Per Gidlund var fornøgd med sine to tilvekster frå Vestnes Varfjell som begge debuterte då laget slo Molde 2 3-0 på bortebane laurdag. - Vegar Skare spelte ein god kamp på sentral midtbane, medan Tommy Kanishi Andreassen kom inn dei siste 45 minutta på kanten. Begge vert gode forsterkingar for oss, sa Gidlund til lokalavisa Nordre (tidlegare Haramsnytt) etter kampen.