
Vestnes Varfjell hadde ei tilsynelatande trygg 2-0-leiing i bortemøtet med Frei i 4. divisjon fredag, men heimelaget snudde alt det siste kvartert. Først fekk dei to straffespark i løpet av fem minutt, før avgjersla fall ti minutt før full tid. Tommy Kanishi Andreassen sendte Vestnes Varfjell i føringa i ein jamn og sjansefattig førsteomgang. Frei var klart best etter kvilen, men Amund Stavem auka for Vestnes Varfjell mot spelets gang med ein halvtime att å spele. Frei fall litt saman, men reiste seg altså då dei fekk sjansen frå 11-meteren to gongar på rappen. Begge straffesparka korrekt idømt, sjølv om det første kanskje kan diskuterast.
Varfjell har gode minne frå Omsundet. Det var her laget sikra opprykk til gamle 4. divisjon i 1985 etter seier mot Braatt over to kampar (2-0 i Tresfjord etter skåringar av Tor Egil Valldal og tap 1-3 i returkampen etter mål av Odd Skjegstad. Dermed 3-3 samanlagt og seier på bortemål). Ein av dei som var med då, Bjarne Nerheim, sat på tribuna denne gongen og såg at to av sønene var i startoppstillinga til Vestnes Varfjell for første gong. Magnus Nerheim på vandt venstreback og Sivert på midtbana.
Forrige besøk i nyarene tid i Omsundet var i 2006, då grusdekket var skifta ut med kunstgras. Vestnes Varfjell fire mål på like mange minutt og vann til slutt 8-2. Les meir her. Det vart tidleg klart at det ikkje skulle bli like målrikt denne gongen. Åpninga var sjansefattig. Først då Tommy Kanishi Andreassen sette fart mot slutten av omgangen, skjedde det noko. Først
kom han seg fri og sette ballen like til side for mål. Fem minutt før pause kom han på skothald igjen, og denne gongen fauk ballen i nettet til leiing 1-0. Frei hadde ein god sjanse rett før pause, men Thomas André Brastad i Vestnes Varfjell-målet rydda opp.
Frei gjekk hardt ut etter pause, og berre inngripnader av midstoppar Jo Sigurd Vold og Brastad i målet og stolpen hindra redusering. I staden kom Vestnes Varfjell tilbake og auka til 2-0 då Amund Stavem fekk tid til å sikte eit skot som gjekk i mål frå 20 meter.
No hadde Vestnes Varfjell tilsynelatande kontroll på det, og heimelaget vart mest opptatt av å klage på dommarane. Det hadde dei ingen grunn til då ein spelar falll i duellen med Jørgen Hovde, og dommaren peika på straffemerket. Straffen var det ikkje noko å gjere med for keeper Brastad og Frei hadde
fått ny glød. Like etter var det klart for straffe nummer to - denne gongen klarare enn den første ifølge dommarobservartør og tidlegare toppdommar Einar Halle - etter at Marius Ulla heldt rundt ein Frei-spelarar. Straffesparket sat like kontant i mål og dermed 2-2. Som om ikkje det var nok, fekk altså heimelaget ein ny sjanse etter klabb og babb føre mål. Ballet sat kontakt i mål og dermed hadde Frei snudd 0-2 til seier 3-2 på under ti minutt. Slitne Vestnes Varfjell-bein greide aldri å mobilisere til ein skikkeleg sluttspurt, og dermed endte det med eit noko surt tap.
Best på Vestnes Varfjell syntes me midststoppar Jo Sigurd Vold var. Han rydda opp i stor stil i periodar. Laget er elles plaga med skader og andre forfall for tida, og det vart ikkje betre då backen Ørjan Tangen måtte gje seg alt før pause.

Neste kamp er mot KFK heime fredag, den siste før ferien.
Kampfakta:
Frei - Vestnes Varfjell 3-2 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 28. juni 2013 kl 19
Omsundet stadion, 40 tilskuarar (4 Vestnes Varfjell)
Mål:
0-1 (41) Tommy Kanishi Andreassen
0-2 (65) Amund Stavem
1-2 (75) Arne Martin Fossland, straffespark
2-2 (79) Fossland, straffespark
3-2 (82) Steffen Ovesen
Dommar: Gøran Settemsdal, Bøfjord

Gult kort: Amund Stavem (40) og Jo Sigurd Vold (48), Vestnes Varfjell. Ronny Hengen (34) og Preben Storbugt (61), Frei
Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Ørjan Tangen (Jørgen Hovde 42.), Jo Sigurd Vold, Marius Ulla, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim (Kevin Gravdehaug 72.), Yngve Solevågseide, Vegar Skare - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen