
- Me vil gjerne fokusere på gode haldningar av spelarar, trenarar og andre i støtteapparatet til lag i Vestnes Varfjell. At desse pådreg seg karantene og bøter frå fotballkretsen er ikkje i samsvar med våre retningsliner for fair play. Me kan naturlegvis være usamde med dommartrioen sine avgjørerder, men må huske at det er dommaren som bestemmer utifrå sine vurderingar av kampsituasjonar og gjeldande kampreglement, seier Stokkeland til Varfjell.no.
Kretsen fekk raudt kort for "usportsleg opptreden". Connor fekk også tildelt raudt kort av dommar Rolf Erik Pedersen, men dette blir av kretsen ikkje rekna som utvising sidan han alt var tatt av bana og oppheldt seg på benken som trenar. Derimot vart han bortvist på grunn av munnbruk etter utvisinga av Kanishi, og det er denne episoden som har gitt klubben bot.