Frei - Kvass/Ulvungen 3-2 kompletterte den første serierunden i 4. divisjon laurdag. Fredagens kampar gav desse resultata: Åndalsnes - Vestnes Varfjell 1-2, Eidsvåg - Træff 2 4-0, Midsund - MFK 3 2-3 og Elnesvågen 2 - KFK 2-3. Dermed kan me også kåre den første rundevinnaren i årets 4.-divisjonstipping. Lars Jørgen Skjegstad prikka inn rett tippeteikn i fem av kampane. Heile lista kan du sjå her. Talet på deltakarar er skuffande lågt, men det er enno ikkje for seint å melde seg på. Husk at du kan tippe alle kampane i vårsesongen alt no og endre tippeteikn heilt fram til kampstart.