Måndalen-trenar Per Atle Lie gjekk til topps i første runde av resultattippinga for 4. divisjon. Tre tipparar hadde 21 poeng (korrigert med joker no), men Lie noterte den einaste 7-poengaren. Den kan han takke Audun Leikarnes for. Vikebuktingen sytte nemleg for at det vart 2-0 for Lies eige lag mot Skåla. Alle tips i runde 1 finn du her. Skuffande få har meldt seg på, men husk at det enno ikkje er for seint å delta. 21 runder gjenstår å tippe så her kan mykje skje enno. Reglane:


Poenggjevinga er som i fjor: 7 poeng for heilt rett resultat, 5 poeng for rett målmargin, 4 poeng for å tippe uavgjortkamp, 3 poeng for rett tendens (H-U-B) og 1 poeng for heilt feil, men tippa kamp. Joker-kamp gir dobbel poengsum. Det siste er for å premiere dei som aktivt deltek. Få hadde tippa rett seriemeister, så dette gir ikkje poeg i samandraget.