Tre runder er gjennomført i
resultattippinga etter ferien. Trond Løvik heldt forma inne
gjennom sommarpausen og vann også runde 13, medan
Måndalen-trenar Per Atle Lie var best både i runde 14
og 15. Dermed er han også oppe i andreplass i samandraget,
der Geir Åge Sylte framleis held stand.
Alle tips:
Runde 13 |
Runde 14 |
Runde 15 |
Samanlagt
Kampane som Bøfjord/Bæverfjord/Surnadal 2 rakk
å spele før dei trekte laget, tel med i samandraget.
Unntaket er kampen mot Vestnes Varfjell som kretsen avgjorde etter
at nordmøringane ikkje kunne stille lag.
Ikkje gløym å legge inn nye tips. Sjølv om du
ikkje har sjanse i samandraget er det framleis seks sju
rundeseierar å kjempe om!