Rett skal vere rett: Før oppstarten for resultattipset for 4. divisjon vart det lovt 5 bonuspoeng for å tippe rett seriemeister. Av dei beste tipparane hadde berre ein, Dag Nakken, tippa rett lag, nemleg Åndalsnes. Geir Åge Sylte heldt ein knapp på Vestnes Varfjell. Dermed går Dag Nakken opp i 142 poeng og forbi Sylte i samandraget.
Stillinga samanlagt (utan poeng for rett serievinnar)
Det var litt kluss for enkelte å få lagt inn tips for serievinnar, og vi hadde eigentleg bestemt at det ikkje skulle med sidan mange ikkje hadde lagt inn tips. Einar Helge Brennvik var mellom dei som ikkje hadde tippa serievinnar.
Når me likevel lar det telje med, er det fordi det ikkje har stått noko om dette på nettsidene. Dessutan kan dette ha hatt innverknad på taktikken bak tippinga på slutten. Nakken visste mellom anna at han hadde fem poeng å gå og og dermed ikkje trengte å ta sjansar mot slutten.
Samtidig er det berre å beklage at me ikkje var flinke nok til å minne dei andre tipparane om dette i innspurten, kanskje Sylte då også hadde satsa på andre tips mot slutten?
Me gratulerer uansett Dag Nakken som vinnar av tippinga både for 4. divisjon og 5. divisjon avdeling 3 haust. Premie kjem om ei stund.