Dei første oppgjera mot Tomrefjord vart spelt først i 1984. Rundt 400 tilskodarar såg den første kampen på Tomrefjord stadion. Bjarne Nerheim ordna hat-trick for Varfjell, og avgjorde kampen til seier 5-2 saman med mål frå Tor Egil Valldal og Hallgeir Vike. Tomrefjordingane fekk revansj og vann 2-0 i Tresfjord.
Bjarne Kjøpstad skåra målet då det vart 1-1 i vårkampen året etter, medan Gunnar Nerbø skåra målet då Varfjell vann 1-0 i Tomrefjord på hausten. Varfjell rykka igjen ein divisjon over Tomrefjord, og var ikkje i same divisjon att før i 1987. Tomrefjord vann 2-1 i første kamp, men vart sendt ned ein divisjon etter tap 2-8 i returkampen.
Også i 1990 vart det ein seier til kvart av laga. Harald Innli skåra målet i 16.-maikampen på Tomrefjord stadion, men Tomrefjord vann
2-1 i Tresfjord. Dette er også siste gong Vestnes Varfjell og Tomrefjord har vore i same divisjon. I 1998 skulle begge lag ha spelt i 3. divisjon,
men Tomrefjord trekte sitt lag.
Tomrefjord hadde eit gjesteopphald i 4. divisjon i samarbeid med Fiksdal/Rekdal i 2003. Vestnes Varfjell vann 3-1 i heimekampen 16. mai etter to mål av Oddgeir Vikås og eit sjølmål. Les meir om kampen her. Vikås plussa på med eitt mål til i returkampen. Ronny Leikarnes skåra også, men den store helten vart Kim Skjegstad som avgjorde på overtid til seier 5-4. Les meir om kampen her.
Årets første møte i Tomrefjord endte som kjent 2-1 i ein jamn kamp og skåringar av Karl Arne Stokkeland og Tommy Kanishi. Fredag får me vite korleis det går i retuoppgjeret.